«KVA VIL EIN SOMMAR ANNA ENN KJÆRLEIK?»

 
_20A8124 full.jpg
 
 
 

Bli med oss og mønstre på ein seglas gjennom fjordlandskapet - og livet.

Saman med Maritime Tours tilbyr teateret i år “Middagscruise til Bekkjarvik”. Her blir det ein heilaften med mellom anna båttur, 4-rettars smaksmeny og program frå Teater Vestland.

På båtturen byr Teater Vestland på ei musikalsk teaterframsyning som er skreddarsydd for ein sommarkveld på fjorden.

«Kva vil ein sommar anna enn kjærleik» med skodespelar Vibeke Flesland Havre er ein ca. tjue minutt lang monolog om havet og kjærleiken basert på tekstane til Odd Børretzen. Børretzen samanlikna ofte livet med å vere i båt. Han brukte enkle metaforar, på grensa til det naive, som likevel har stor djupne. Publikum vil kjenne att tekstar som «Sjømannsvals», «Noen ganger er det all right», «Måkene», «Dårlige tider» og «Vi drømte om Amerika».

Velkommen til kortteater på bølgene blå!

Tekstar av Odd Børretzen
Dramatisering Kristina Kjeldsberg
Regissør Kristina Kjeldsberg
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt

Medverkande
Vibeke Flesland Havre (1. juli-30. september)
Oda Alisøy (3.-25. juni)

Les meir om Middagscruiset HER

Foto: Øystein Klakegg

 

GRUPPESAL:
Kontakt Kjell Mjelleli ved Teater Vestland: kjell@teatervestland.no