Kunsten å omsetje idear til praksis

Her får du ein sniktitt av det som ventar deg når du kjem inn i salen på Putemannen. Scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes slår av ein prat med teatermålar Joanna Szczypka. På dette bildet ser du både modellen og delar av dekken slik den blir i verkelegheita. Foto: Heidi Hattestein

Scenograf Åse Hegrenes har levert ein modell i målestokk 1:25. Den består av ein halvsirkel med ei stor, firkanta ramme i, og éin centimeter på modellen er ein kvart meter i verkelegheita.

— Eg har tenkt scenografien som ei celle og eit forhøyrsrom. Putemannen føregår i ein totalitær stat, og den sirkulære forma forsterkar den klaustrofobiske kjensla. Det er ingen plass å gøyme seg, ingen krok å stikke seg vekk i, seier Hegrenes.

Som scenograf er ho heilt avhengig av å ha med seg gode fagfolk. Her kjem teatersnikkar Svein Yngve Haukeland og teatermålar Joanna Szczypka inn i bildet.

Mens Åse står bak designet, har Svein laga konstruksjonen. Reint konkret har teatersnikkaren tatt modellen og ganga den opp så den fyller mest heile rommet.

I prosessen har dei snakka saman og kome fram til gode løysingar i lag. Som eksempel nemner Åse ei dør som er skoren inn i halvsirkelen.
— Det var Svein som føreslo å runde av kantane, og eg synest det fungerer svært godt. Det minner om ferje-estetikk og sender tankane til eit trykk-kammer.

I eit anna rom driv Joanna og måler sceneteppe i umber farge, med lysare og mørkare sjatteringar.
— Eg tenker på nedbryting. Den totalitære staten rotnar innanifrå, seier ho.


Scenografen kvitterer:
— Joanna veit kva ho held på med!

Verkstadene på Teater Vestland har litt av eit renommé i bransjen, med dyktige fagfolk. Vi har snikkar, sveisar, teatermålar, rekvisitør, kostymeansvarleg og lysteknikar med meir.


— Når profesjonelle folk får jobbe i lag, blir resultatet deretter, seier Åse, så glad som berre ein fornøgd scenograf kan vere.

Nedanfor kan du sjå teatersnikkaren sine foto frå byggeprosessen: