Ledig stilling

Prosjektkoordinator

Har du prosjekterfaring eller erfaring frå koordinerande roller for fleire avdelingar? Har du auge for  detaljar og samtidig evnar å sjå det store bildet med god kommunikasjons- og samarbeidsevne? Vi søkjer deg som kan vere ei sentral brikke i å bringe teater ut til folk – frå små samfunnshus til store scener.

Om stillinga

Som prosjektkoordinator har du ansvaret for å planlegge turnéane på teateret og er ein del av produksjonsavdelinga ved teateret. Stillinga inneber ansvar for koordinering av utleige av husets salar og anna aktivitet på Nynorskhuset. Du sikrar god informasjonsflyt på tvers av avdelingane og har ansvar for koordinering av aktivitet innafor budsjett og rammer.


Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

  • Detaljplanlegge turnéar, inkludert tinging av spelestadar, reiser og overnatting innanfor gjeldande reglement for teateret.
  • Ansvar for koordinering av aktivitet som gjestespel, utleige av teatersalane og anna aktivitet i Nynorskhuset, innanfor budsjett og rammer.
  • Ta del i vidareutvikling av produksjonsavdelinga med forbetringar, modernisering og effektivisering av system og prosessar.
  • Samarbeide med teknisk avdeling, marknadsavdeling, samt inspisientar knytt til produksjonane og sikre god informasjonsflyt på tvers av avdelingar.
  • Vere kontaktperson og samarbeide med restaurant Røyst Mat & Vin.


Kvalifikasjonar og eigenskapar vi søkjer

  • Høgare utdanning på bachelornivå innan prosjektleiing, administrasjon eller informasjon. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for høgare utdanning.
  • Erfaring frå prosjektarbeid/produksjonsverksemd.
  • Erfaring frå turnéplanlegging innan kultur og god kjennskap til Vestland fylke er ein fordel.


Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig med høg gjennomføringsevne.
  • Strukturert og løysingsorientert.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Kan nytte nynorsk som arbeidsspråk.


Vi tilbyr

  • Spanande jobb i eit kreativt miljø.
  • Ein variert arbeidsdag med hektiske periodar.
  • Nye og moderne lokale i Nynorskhuset – eit kraftsentrum for nynorsk språk og kultur.
  • Stor tilgang på kunstnarlege opplevingar – teater på sit beste!
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter tariff.

Teater Vestland er oppteken av å skape eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion, funksjonsevne eller seksuell orientering.

Søknadsfrist:  26. mars 2025.
Merk søknaden med Prosjektkoordinator

Send søknad med CV til post@teatervestland.no.
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med fungerande produksjonsleiar Reidun Støfring på e-post: reidun@teatervestland.no eller på telefon: 975 95 5988.

Vi gjer merksam på at teateret er underlagt offentlegheitslova og har offentlege søkarlister. Søkar kan be om å bli unntatt offentlegheit, men må gi skriftleg grunn for dette. Jf. Offentleglova §25.