PETER PAN

 

Under den magiske månen

Av Mike Kenny

John og Michael får ikkje sove og overtaler Wendy til å fortelje historia om Peter Pan, som bur i Aldriland og ikkje vil bli vaksen.

I Teater Vestland sin moderne versjon av Peter Pan møter du alle dei kjende karakterane frå J.M. Barrie sitt klassiske univers: Tingeling, dei bortkomne gutane, sjørøvarar og havfruer, og ikkje minst blir det farefulle møter med superskurken Kaptein Krok.

I Aldriland finst det ingen vaksne som masar om leggetid eller insisterer på at du må gå på skulen, men så finst det heller ingen som fortel godnatthistorier og breier dyna over deg når du skal sove. Difor reiser Peter Pan til vår verd for å finne Wendy. Ingen fortel betre godnatthistorier enn ho.

Regissør Philipp Stengele har sett handlinga til ein gamleheim. Vi møter John, Michael og Wendy som gamle, og dei leikar seg tilbake til den gongen dei var barn og nett som Peter Pan ikkje ville bli vaksne.

Peter Pan er ei historie om å tru på fear, om kjærleik og sakn og om å dra på eventyr saman i fantasien. Ein komedie for heile familien og den perfekte sjansen til å samle generasjonane rundt eit stykke som dyrkar leiken, uavhengig av alder.

Framsyninga høver for heile familien frå 5-100 år.
Framsyningslengd: ca 60 min

FRAMSYNINGSFOTO

Foto: Espen Nyttingnes

PODKAST:

Kva er godt teater for heile familien? Godt teater for heile familien er i alle fall _ikkje_ å lage to framsyningar i éi; den eine for barna og den andre for dei vaksne. Ei god familieframsyning samlar generasjonane i opplevinga. Kanskje er det eit ekstra lag der for dei vaksne, men det skal ikkje vere slik at barna sit der og ikkje forstår.

I Teater Vestland sin moderne versjon av Peter Pan - under den magiske månen har regissør Philipp Stengele plassert Wendy, John og Michael på gamleheimen. Der gløymer dei smerter og andre avgrensingar og leikar seg tilbake til barndommen, fortel regissøren i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt

SKODESPELARAR


KUNSTNARLEG LAG

Av Mike Kenny
Gjendikta til norsk ved Terje Lyngstad
Regi og visuelt uttrykk Philipp Stengele
Lysdesignar Krystian Myska
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Peder Lauvås
Forlag Colombine Teaterförlag

UNDERNEATH A MAGICAL MOON © MIKE KENNY 2016
Copyright agent: Alan Brodie Representation Ltd www.alanbrodie.com
Originally commissioned and first produced by tutti frutti productions