TRANSLYRIA

Sogn og Fjordane Teater / Teater Vestland - Translyria. Originaltekstar fra William Shakespeare
 
 
 

Å VERE ELLER IKKJE VERE

Translyria er eit stort kostymedrama, og i denne framsyninga vert kjønnsrollene utfordra på alle tenkelege måtar: Kvinne speler mann fødd som kvinne. Kvinne spelar kvinne som kler seg ut som mann. Kvinne spelar mann som utøver makt over kvinner, og mann spelar kvinne som blir undertrykt av menn - alt dette i ein tragedie Shakespeare ikkje visste at han skreiv.

William Shakespeare er ein stor del av sjølve teaterarva, og er den mest spelte dramatikaren i verda. Historiene til Shakespeare har forma dei historiene vi fortel kvarandre i dag, og vi ser at Shakespeare sine komediar og tragediar frå 1600-talet er tidlause både når det gjeld tema og karakterar.

Tekstane i Translyria er henta frå kjende verk som «Romeo og Julie», «Helligtrekongersaften», «Macbeth», «Hamlet», «Som du vil», «Når trollet skal temmast» og «Richard III».  Med meir enn 25 utdrag frå klassikarane til Shakespeare har regissør Frode Gjerløw laga ein moderne klassikar om kjønn.

Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne Sebastian. Ho blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd, der eit fatalt familiedrama utspelar seg. No er spørsmålet: vil ho klare å finne broren før han bestemmer seg for å vere eller ikkje vere?

Velkommen til Translyria! 

 
 

FOTOGALLERI TRANSLYRIA

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

 

KUNSTNARLEG LAG

Tekstar av: William Shakespeare 
Omsetjing: Edvard Hoem  
Manus og regi: Frode Gjerløw 
Scenograf og kostymedesignar: Ellan Perry
Lysdesignar: Kaja Glenne Lund
Lyddesignar: Ross Flight  
Dramaturg Bodil Kvamme
Inspisient og sufflør Karoline Solbakken og Charlotte Prydz Ottesen
Konsulent, versemål Marit Østbye

Kostyme Anna Wingård, Sakiba Arnautovic, Anette Eide Røsandhaug og Rebecca Dahle

Rekvisitt og dekor Synnøve Ringdal

MEDVERKANDE

 
 

TRANSLYRIA

AV WILLIAM SHAKESPEARE

SAMANSETT AV FRODE GJERLØW

Tekstane i Translyria er henta frå kjende verk som «Romeo og Julie»,
«Helligtrekongersaften», «Macbeth», «Hamlet», «Som du vil»,
«Når trollet skal temmast» og «Richard III». 

 
Translyria_600x400 utan tittel.jpg
 

Plakatfoto: Thomas Morel
Fotomontasje: Frode Gjerløw