Teater Vestland

 
 

Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, er eit nynorsk institusjonsteater lokalisert i Førde i Sunnfjord, og er eit regionteater med turnéverksemd i Vestland fylke. Teateret vart etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater, og var fram til 1980 allmøtestyrt og underlagt Riksteatret. 1.1.2020 endra teateret namn til Teater Vestland i samband med ny regionreform.

Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Noreg skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarisk kvalitet.

Teateret nyttar nynorsk som målform og vestnorsk som scenespråk, og var det andre nynorskteateret som vart etablert i Noreg.


Om teateret

Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) er både eit produserande teater og eit turnéteater. Den første premièren ved teateret var «Dei siste maksveringar» av Rolf Losnegård 28. oktober 1977.

Teateret produserer 5-7 premierer årleg, som har 15-25 framsyningar per produksjon, i tillegg til gjestespel og samarbeidsproduksjonar. Årleg vert det presentert rundt 250 framsyningar og arrangement i regi av Teater Vestland. Dei siste åra har teateret hatt eit årleg besøkstal på ca 18.000. Sidan oppstarten har teateret sendt over 270 (per 2019) eigenproduksjonar ut på turné.

Teater Vestland har 20 fast tilsette per 2020, fordelt på 29 årsverk. Av desse er det 2 fast tilsette skodespelarar. I tillegg engasjerer teateret rundt 80-100 frilansarar i året på dei ulike produksjonane.

Teater Vestland er eit aksjeselskap. Eigarane er Vestland fylkeskommune (80%) og vertskommunen Sunnfjord kommune (20%), og har staten som største tilskotsytar.


Historie

I starten var Sogn og Fjordane Teater sine kontor og systove lokaliserte i Prestegarden i Førde, med prøvelokale og verkstader i Førdehuset. I 1979 vart heile teateret lokalisert i Førdehuset. I 1997 fekk teateret eit eige påbygg i Førdehuset, med kontor, teaterscene, prøvesal og verkstader. Prestegarden vert framleis nytta av teateret som bustad for engasjerte skodespelarar.

I Førdehuset hadde teateret ein teatersal, med plass til 125 personar. I 2016 bygde teateret om prøvesalen i Førdehuset til eit Eventyrrom for dei minste, med plass til 70 stk.

I 2021 flytta teateret til sentrum i Førde, til Nynorskhuset. Ein 5 år lang prosess og byggeperiode var no endeleg over når Teater Vestland kunne flytte inn i eit nytt bygg tilpasse teaterdrift med 2 salar, verkstadar og kontorplassar og kafe/restaurant. Teater Vestland er no samlokalisert saman med NRK Vestland og avisa Firda, og er den største nynorskklynga i Norge med til saman over 100 stk som jobbar under same tak med ordet og språket i fokus.

Frå 1982 til 2001 hadde Sogn og Fjordane Teater også ei flytande teaterscene, Teaterbåten Innvik, som reiste til kystdistrikta på Vestlandet. Første turnéen med den ombygde ferja ”M/S Innvik” var i 1982 med komedien ”Splint” av Norvald Tveit.

Teateret er kunstnarleg ansvarleg og samarbeidspartnar for det historiske sogespelet «Kinnaspelet – Songen om det store djup», som hadde premiere i 1985. Dette er Norges nest eldste friluftsteateret, og vert spelt årleg på Kinn i Flora.

Sogn og Fjordane Teater hadde eit eige ungdomsteater i perioden 2001-2005, med eigen amatørteaterkonsulent tilsett.

Turnéverksemd

Teater Vestland legg vekt på å nå flest mogleg av innbyggjarane i Vestland fylke gjennom å turnere med framsyningane. Sidan 1977 har teateret besøkt kulturhus, idrettshallar, kyrkjer, bygdehus, skular og barnehagar i fylket Sogn og Fjordane. Teateret har årleg ca 60-70 ulike spelelokale fordelt på dei 26 kommunane i fylket, samt at teateret har gjesta både, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Oslo. Frå 1.1.2020 skal Teater Vestland turnere i heile Vestland fylke (tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland).

Når teateret gjestar kulturhus ,riggar ein på scena som er der, medan det vert rigga til amfi for 140 personar i tillegg til scena når ein spelar i idrettshallar. Framsyningane vert stort sett synte ein gong per spelestad, før teateret reiser vidare og spelar på ein ny stad dagen etter. Kvar turné varer i 3-6 veker. Teateret har årleg 140-180 turnédøgn og legg i løpet av eit turnéår bak seg heile ca 4-5000 kilometer (som svarar til strekninga Førde - Paris tur-retur.)

Repertoar

Teater Vestland har som målsetting å spele ny norsk dramatikk, framsyningar med historier frå regionen, klassikarar og aktuell europeisk samtidsdramatikk. Teateret presenterer nynorske tekstar på vestnorske dialektar.

Årleg produserer teateret rundt 5-7 eigenproduksjonar. I tillegg kjem gjestespel og samarbeidsprosjekt. Teateret har samarbeidd med Det Norske Teatret, Den Nationale Scene, Riksteatret, Det Vestnorske Teateret og Haugesund Teater.

Prisar og utmerkingar

  • Antirasismeprisen 2005 frå Årdal kjemiske arbeidarlag for produksjonen «Saman skal vi leve».

  • Heddaprisen 2006 for særleg fagleg innsats for researchbasert teamarbeid og produksjon av «Saman skal vi leve»

  • Håndtrykket 2007 frå Norske Dramatikeres forbund for innsatsen for ny, norsk dramatikk.

  • Heddaprisen 2010 for særleg kunstnarleg innsats

  • Skodespelar Reidun Melvær Berge var nominert til Heddaprisen i kategorien beste kvinnelege skodespelar for rolla som Vibecke i «Alt det lyse og alt det mørke» i 2019.

  • Framsyninga «Engelen frå Kobane», som var ein samproduksjon med Hordaland Teater/Det Vestnorske Teateret, var nominert i kategorien beste framsyning for ungdom i 2019.

Teatersjefar

2021 - 2028 Cecilie Grydeland Lundsholt

2016 – 2020 Bodil Kvamme

2004 – 2015 Terje Lyngstad

2000 – 2003 Mette Brantzeg

1991 – 1999 Emte Stag

1988 – 1990 Noralv Teigen

1980 – 1987 Anne Gullestad

Styret

Styreleiar
Rasmus Mo - Vestland fylkeskommune 

Nestleiar
Rune Hegrenes - Sunnfjord kommune

Medlemmar
Senea Sabanovic - Vestland fylkeskommune
Frank Willy Djuvik - Vestland fylkeskommune
Marion Aas Wie - Teater Vestland

Varamedlemmar
1. varamedlem Hanne Oftedal - Vestland fylkeskommune
2. varamedlem Lise May Sæle - Vestland fylkeskommune
3. varamedlem Bjørn Harald Haugsvær - Vestland fylkeskommune
Varamedlem Åsmund Berthelsen - Sunnfjord kommune
1. varamedlem Idun Losnegård - Teater Vestland
2. varamedlem Reidun Støfring - Teater Vestland