I vår versjon av det verdskjende eventyret om Skjønnheita og Udyret blir publikum invitert inn i ein varieteteater-tradisjon full av magi. Dei blir ønskte velkomne av to fear og ein kanin, som kveld etter kveld fortel historia om Skjønnheita og Udyret. Men denne kvelden skjer det noko heilt spesielt. Teaterleiinga bestemmer seg for at kveldens framsyning blir den siste nokosinne…
Høyr regissør Elisabeth Topp og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i ein bakom-samtale om denne haustens store familieframsyning.
Podkasten vår har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Du kan høyre podkasten på Spotify også.