Eg har ikkje ord – Ein musikal om Ivar Aasen
Velkommen til eit gjestespel frå Teatret Vårt!
Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gje opp kjærleiken for eit større mål.
Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?
Som ung tjueåring vart Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gje slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ei sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik.
I musikalen vert Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.
I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vovne saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke.
Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.
TERNINGKAST 5: Romsdals Budstikke gav terningkast 5 og skreiv: «Vakker reise i Aasens indre» og «Teatret Vårt jammen skal være stolt av. Noe å glede seg til å rulle av gårde med rundt om i fylket». Avisas anmeldar løftar òg fram manuset til Nils Petter Mørland: «Denne storyen er glitrende godt beskrevet og fortettet».
Vidare blir den musikalske og visuelle opplevinga trekt fram som ein fryd for publikum: «Dette er en musikal, og de musikalske elementene med sanger som var tilnærmet krystallklart framført, med deilige bakenforliggende harmonier og tidvis spektakulær koreografi i en enkel men finurlig og dønn fungerende scenografi er en nytelse». Også skodespelarane får strålande omtale: «Fabelaktige!», medan hovudrolla blir framheva spesielt: «Ivar var alltid Ivar, fantastisk spilt av Lars Melsæter Rydjord … alltid med de små glimt av humor, timing, mimikk og kroppsspråk som gjør skuespiller Lars Melsæter Rydjord unik».
Avslutningsvis konkluderer meldaren: «En seier for språket. En seier for musikal som teateruttrykk. En seier for å ta elementer, epoker og personer opp fra historiens mørke kjeller og servere dette for et publikum av i dag. Og definitivt en seier for fenomenet Ivar Aasen». Ole Foss, Romsdals Budstikke
Teatermeldingar
Kunstnarleg lag
Manus og regi Nils Petter Mørland
Komponist og musikkansvarleg Håvard Gressum Antonsen
Scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva
Koreograf Stian Danielsen
Lysdesignar Oscar Udbye
Musikalkonsulent Emilie Tverbak
Dramaturg Oda Radoor
Bakgrunnsinnhentar og manusbistad Olaug Nilssen
Språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk
Speletid:
1 time og 30 min (inga pause)
Billettpris:
Frå kr 215-430,–
Spelestad:
Førde, Nynorskhuset