Putemannen
Putemannen
Putemannen er ein mørk komedie, der samfunnets tabu blir løfta opp og dratt ut i det ekstreme på ein slik måte at vi ikkje kan anna enn å le.
Ein forfattar i ein totalitær stat er tatt inn til avhøyr. Det har skjedd fleire brutale barnedrap, som liknar mistenkeleg på handlinga i nokre av forfattarens noveller. Er kunsten blitt imitert, eller ligg det noko meir bak?
Handlinga skyt fart i ein kaskade av lunefulle innfall og overraskande vendingar. Sanning og rettferd fordampar som bensin på bålet. Stykket utforskar forholdet mellom kunst og moral og stiller spørsmål ved kva som skjer når fantasien grip inn i verkelegheita.
Idun Losnegård spelar hovudrolla i denne svarte komedien, som er rekna som eit meisterverk frå den britisk-irske dramatikaren Martin McDonagh.
The Pillowman is a spellbinding stunner of a play. Comedies don’t come any blacker than this – NEW YORK TIMES
Aldersgrense 16 år.
Teatermeldingar
Pressefoto
Kunstnarleg lag
Av Martin McDonagh
Omsett av Tove Bakke
Regissør Terje Skonseng Naudeer
Scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes
Lysdesignar Arne Kambestad
Komponist og lyddesignar Eirik Havnes
Dramaturg Kristina Kjeldsberg
Skodespelarar Idun Losnegård, Gerald Pettersen, Anderz Eide, Ida Marie Bakkerud og Eirik Risholm Velle
The Pillowman was first represented by the National Theatre at the Cottesloe, London, direkcted by John Crowley, on 13 November 2003. The production was subsequently poduced on Broadway by the National Theatre, Robert Boyett Theatricals LLC and RMJF Inc. opening at the Booth Theatre, New York City, on April 10, 2005.
Teaterforlag: Nordiska ApS – www.nordiska.dk
Speletid:
Ca. to timar (ingen pause)
Billettpris:
Frå kr 180,–
Spelestad:
Nynorskhuset og turné i Vestland fylke