Trollet og bukkane Bruse
Trollet og bukkane Bruse
«Å nei» kviskrar trollet. «Kven er det som trampar på mi bru?».
Det er to geitesøsken som har funne seg ein snarveg til seters!
Slik begynner eit sprudlande eventyr som gir publikum den verkelege versjonen av kva som skjedde den gongen for lenge sidan. Det sjenerte trollet med dei store øyra, er både geitesky og pasifist. Hen prøver etter beste evne å hamle opp med dei to frekke, uoppdregne geitesøskena.
Geitenes versjon har fått stått uimotsagt altfor lenge, men korleis var det for trollet?
I «Trollet og bukkane Bruse» av Cecilie Grydeland Lundsholt får du høyre kva som eigentleg skjedde den gongen for lenge, lenge sidan. Det er duka for ellevill moro med kjende referansar for heile familien.
Teatermeldingar
Pressefoto
Kunstnarleg lag
Dramatikar Cecilie Grydeland Lundsholt
Regissør og visuelt uttrykk Cecilie Grydeland Lundsholt
Skodespelarar Kornelia Melsæter og Jacob Vigeland
Speletid:
Ca 60 min.
Billettpris:
Frå kr 225,–
Spelestad:
Nynorskhuset og bygdehusturné i Vestland fylke