Vestlandet
Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota Camry. Dei trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig tripp gjennom Vestlandets dramatiske natur.
Som leiemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Dei har eigenhendig stole skallen hans, og no vil dei bringe han heim. På vegen møter dei både levande og døde, spelemenn, separatistar og tobakksbønder, og blir forfølgd av skumle embedsmenn frå Austlandet.
Det er ikkje fritt for at det doggar på brillene i denne nærsynte hyllinga av – og harselasen med – det vestlandske sinnelaget. Draum og røyndom glir over i kvarandre i ein hysterisk heisatur gjennom språk og landskap.
Både lesarar og kritikarar var vilt begeistra då Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt kom i 2017, og boka har fått kultstatus.
Sagt om boka:
Vestlandet blir aldri det same etter dette – NRK
Et surrealistisk univers med Twin Peaks-assosiasjoner – BT
Fjorårets morsomste roman – Civita
Vestlandet er sterkt å anbefale for alle dem som liker vill og utemmet litteratur – BT
LYS I BYGDA
Med støtte frå Sparebank1 Sogn og Fjordane vil Teater Vestland skape meir liv i bygdehusa.
Gjennom «Lys i bygda» har lokale arrangørar i tidlegare Sogn og Fjordane søkt og fått tildelt besøk av Teater Vestland på bygdehusturné. Billettinntektene frå framsyninga Vestlandet på delar av turneen går direkte til arrangøren, basert på prismodellen «Betal det du kan». Publikum bestemmer sjølv billettprisen. Du kan altså velje å betale mindre enn det billetten vanlegvis kostar, eller du kan velje å betale meir, dersom du vil støtte den lokale arrangøren litt ekstra og har moglegheit til å gjere det. Inntektene kan brukast til vedlikehald, utstyr eller andre aktivitetar i bygdehuset.
Vi veit at kultur- og aktivitetstilbod på kveldstid skapar bulyst, og med dette prosjektet, «Lys i bygda», vil grendehusa sitte att med midlar til å skape endå meir aktivitet. Vi takkar Sparebank1 Sogn og Fjordane for gåva og for tilliten.
Teatermeldingar
Kunstnarleg lag
Forfattar Erlend O. Nødtvedt
Dramatisert av Eirik Fauske
Regissør Eirik Fauske
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Assisterande scenograf og kostymedesignar Thale Kvam Olsen
Lysdesignar Eirik Brenne Torsethaugen
Komponist og lyddesignar Viljar Losnegård
Tekstdramaturg Marit Grimstad Eggen
MEDVERKANDE Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen og Madalena Sousa Helly-Hansen
Speletid:
2 timar og 15 min
Billettpris:
Frå kr 240,–
Spelestad:
Nynorskhuset og bygdehusturné i Vestland fylke