KATTEBLUES

 
Illustrasjon: Gregory Idehen, grafisk uttrykk Univerket

Illustrasjon: Gregory Idehen, grafisk uttrykk Univerket

 
 
 

Katteblues

«Katteblues» handlar om to einsame skapningar som finn kvarandre og startar eit tøft band: ein mus og ei kjette. Dei er svært forskjellige, og vennskapen vert sett på hard prøve. Musa likar reglar. Han heng stadig opp lister med reglar - veldig viktige reglar - for å få samlivet med katten til å fungere. For eksempel: Det er ikkje lov å ete sin beste venn. Men tilværet på den støvete landevegen er hardt. Skal ein følge alle reglar, er det ikkje sikkert at ein får så mykje mat i magen.

«Kattelues» er ei musikalsk framsyning med blues og bluegrassmusikk. Utgangspunktet var eit vell av mytar om kattar og åtte eventyr som vart skrella ned til eitt, «Katt og mus i partnerskap» av brørne Grimm, før også det vart kutta og berre essensen stod att: Korleis kan mus og katt vere venner? Handlingar går ut på å leve med forskjellar og ulike ønske. Det er lov å gjere feil, og ein kan få tilgiving sjølv om ein har gjort det verst tenkelege.

På scena står skodespelar Idun Losnegård og distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og dei er heilt avhengige av hjelp frå publikum for å skape den riktige stemninga og drive historia framover. Dei oppmuntrar publikum til å vere med og synge.

«Katteblues» er produsert av Teater Vestland i samarbeid med Sunnfjord kulturskule. Framsyninga er ein frittståande del i ein trilogi. I 2019 kom «Geitejazz», og i 2021 kjem «Katteblues». Kva dyr som kjem rautande, kneggande eller bjeffande neste gong, veit vi ikkje sjølve eingong.


Kunstnarleg lag

Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Musikalsk ansvarleg Jakob Wyrtz

Medverkande

Idun Losnegård
Jakob Wyrtz

Illustrasjon: Gregory Idehen
Grafisk uttrykk: Univerket