KINNASPELET 2021

 
 
Kinnaspelet_1249x426px.jpg
 
 

Songen om det store djup

Borni nektar å teie sjølv om ho får eit spyd opp under nasen. På kaia står den danske futen med væpna soldatar og krev at øyfolket skal ta imot den Lutherske læra. Borni tryglar prestefaren om å halde på den katolske trua. Ho minner om ei anna Borni i ei anna tid, ho som rømde frå vikingane sine herjingar i Irland i ein båt utan årar og segl og lét seg drive over havet, til ho rak i land på Kinn, der ho, ifølgje legenda, fekk reist ei steinkyrkje.

Sant å seie har vi fleire spørsmål enn svar når det gjeld kyrkja på Kinn. Vi veit ikkje kven som bygde den, eller kvifor dei plasserte den under Kinnaklova, og korleis kan det ha seg at tre katolske helgenfigurar har overlevd reformasjonstida og framleis prydar interiøret?

«Songen ved det store djup» dreg opp dei store linjene i ein fortetta versjon med eit persongalleri som vi er blitt glade i etter meir enn tretti år med spel: Borni, tiggarjenta Sygni, presten og frilla hans Margrete. Dei har mykje å tape, men også mykje å vinne. Margrete håpar at presten vil gje avkall på pavekyrkja og sølibatet, slik at han kan gifte seg med henne og gjere dottera deira ektefødd. Sjølv er Borni meir oppteken av trua enn samfunnsordninga, og ho vil at faren skal stå imot. Kven av dei to skal han svike?

Eit stort apparat er i sving når teateret flyttes ut på ei forblåst øyeblikk omtrent som langt vest i Norge som det er mogleg å kome. Rundt 150 frivillege har fort «dugnadsferie» der ute, og eit publikum på eit par tusen blir frakta til og frå med ekstraordinære båtruter. Det slitesterke samarbeidet med Sogn og Fjordane Teater er heilt avgjerande. Teateret stiller med regissør og fem profesjonelle skodespelarar, i tillegg til musikarar, kostymer og teknikk på prøver og framsyningar.

AV Rolf Losnegård
KOMPONIST Per Janke Jørgensen
REGI Oda Alisøy
INSPISIENT Jenny Pettersen
MUSIKALSK ANSVARLEG Harald Dahlstrøm

MEDVERKANDE

Reidun Melvær Berge
Kyrre Eikås Ottersen
Idun Losnegård
Lars Berge

MUSIKARAR

Harald Dahlstrøm
Adele Halten
Arne Hammer
Jakob Wyrtz
Rolf Prestø

150 frivillige og amatørar

Kinnaspelet