BILLETTINFORMASJON

Opningstider:
Teater Vestland, administrasjon, Nynorskhuset:
måndag-fredag kl 08:30 – 16:00

For spørsmål om billettar send e-post til: billettar@teatervestland.no

Betal det du kan
Teater Vestland har eit nytt pris-system på enkelte framsyningar i Nynorskhuset. Det nye pris-systemet inneber at du som publikummar avgjer kva billetten skal koste. Vi har fleire prisklassar du kan velje mellom. Prisklassane er: 150, 200, 250, 300, 350 og ein eigen solidaritetspris på 500 kroner.

Du kan altså velje å betale mindre enn det billetten vanlegvis kostar. Eller du kan velje å betale meir, dersom du vil støtte det einskilde prosjektet eller teateret litt ekstra og har moglegheit til å gjere det.  

Billettsal
Bømlo kulturhus
Etne, Skakke kulturhus
Florø kulturhus
Kulturhuset Husnes
Måløy, Nordfjordhallen
Nordfjordeid, Operahuset
Odda kino og kulturscener
Sogndal kulturhus
Stryn Kulturhus
Trivselshagen, Sandane
Voss kulturhus
Årdal kulturhus

Nynorskhuset i Førde, bygdehus og idrettshallar: teatervestland.no

Billettsal på turné:
På fleire spelestader er det kun førehandssal av billettar på www.teatervestland.no
Innslepp: ca. 10-20 minutt før framsyninga, som startar presis. 


Billettkategoriar:
Born: 0-15 år
Ungdom: 16-26 år
Student: Gyldig studentbevis
Vaksen: Ordinær billett
Honnør/pensjonist: Over 67 år eller uføretrygda


Følgjekort
Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar på framsyningane.
Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp. Fribillett til følgjeperson bør tingast på førehand.
 

Medlems- og abonnentrabattar:

  • BOB-medlemmer: ca. 20% rabatt*. Gyldig medlemskort må synast ved billettkjøp/ innsjekk.

  • Teaterven: Medlemsbedrifter/lag/organisasjonar får ca 25% rabatt. Sjå meir informasjon om Teaterven HER

  • Teatervenner Sogn

  • Scenekort: Må tingast på telefon til Teater Vestland, eller kjøpast/tingast i kulturhus