Gavekort_1_1249x426px.jpg

Gåvekort

Gje ei oppleving i gåve!

Ser du etter eit spennande alternativ eller ei gåve til dei som har stort sett alt? Er det ei oppleving du gjerne kunne tenkje deg å dele med dine næraste?
Eit gåvekort er den perfekte gåva både til familie, vener og kollegaer. No kan du kjøpe gåvekort på teateropplevingar på Teater Vestland.
Dette gåvekortet gjeld på Teater Vestland sine eigenproduksjonar. Gåvekortet kan gjevast digitalt, eller ein kan skrive det ut.

Kjøp gåvekort her: GÅVEKORT BILLETTAR

 Ta kontakt med Teater Vestland på post@teatervestland.no eller på telefon 909 90 600 for spørsmål.

Kulturhus:

Gåvekort til framsyningar kan kjøpast dei ulike kulturhusa som teateret spelar på.
Gåvekortet vert utskrive med ein strekkode som vert skanna når gåvekortet vert nytta.
Gåvekortet er gyldig i 12 mnd etter utskrivingsdato.