BONDETINGET

 
Bondetinget_web_plakatuttrykk_1249x426px.jpg
 
 

URPREMIÈRE

Bondetinget
- dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk

I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite. 

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Vil bygdene våre overleve? 

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøking og eit djupdykk i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata.  

Stykket er i hovudsak basert på samtalar med Helge Bergo, samt bøkene hans «Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark» (Samlaget) og “Avviklinga av den norske bonden” (Vestlandsforlaget). Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet, Hitraopprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar - på dialekt - deriblant Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo, som er ein gjennomgåande karakter i stykket.  


Framsyninga varer i ca. 2 timar inkl. pause. 

 
Teater Vestland Bondetinget Foto Espen Nyttingnes (2).jpg

«Bondetinget» gjør landbrukspolitikk til engasjerende dokumentarteater. - Teatermelding Norsk Shakespearetidsskrift

Teater Vestland Bondetinget Foto Espen Nyttingnes (3).jpg

“… eit dokuteater verdt å sjå, ikkje berre for dei som kan stammespråket, men for alle som ynskjer svar på kvifor gardane vert ståande tomme, ein etter ein." -Teatermelding, Scenekunst.no

_C2A4184.jpg

Det er godt gjort å halde eit publikum i ånde i to timar med eit så knusktørt materiale som teaterstykket «Bondetinget» serverer. - Teatermelding Firda

 
BakMaska_1080x1080.png

Podcast

Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

 

Fotogalleri

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar AS


Kunstnarleg lag

Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Aslak Moe
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund
Dekormålar Charlotte Rintler

Medverkande

Kyrre Eikås Ottersen