Jul i Førdehuset

 

Denne laurdagen vert det mange fine gratiskonsertar i regi av Førde Kulturskule både i Inneamfiet og i Festsalen på Førdeshuset. Førde kulturskule blir 30 år i 2017 og feirar bursdagen med nokre kjekke overraskingar!  

Det blir julestemning med musikk, teater, lesestund, film, juleverkstad, teiknekrok og mykje anna. På Førdehuset kan de elles ta julebadet i svømmehallen og ete julegraut i kafeen. Ein flott dag for heile familien!

I Eventyrrommet denne dagen møter vi Wilhelm Støylen som les eventyret om "Ruffens jul" av Thore Hansen: God jul! Snart. Kanskje den beste jula. Eit ganske grønt tre, ein pakke eller to som du har pakka inn sjølv, vindauge med ei svak lukt av grønsåpe når du legg nasa inntil.  Wilhelm gjer sitt beste for at julestemninga skal sette seg i magen. Velkommen til ei kjekk førjulssamling på Eventyrrommet.

Framsyninga i Eventyrrommet høver for born 4-7 år.

Billettar kr 50 kr

 
Jul i Førdehuset oversikt program hele dagen.jpg