Lilla av Jon Fosse

 

Film: Scenisk Fiksjon

Vi ber alle med oss historiene våre gjennom livet. Både vonde og gode opplevingar set seg i kroppane våre og blir ein del av livsveven vår.

Dersom nokon ber deg om å hugse tilbake til ein bestemt fredagskveld for 35 år sidan, kva hugsar du då? Kor mange detaljar kjem du på - og finst det ei objektiv sanning frå ein sånn kveld? I Lilla møtar vi fem menneske med ei felles ungdomstid. Som 50-åringar ser dei tilbake på ei dramatisk hending som fann stad langt der nede i kjellaren på den nedlagde fabrikken i bygda.

Dei fem på scena lever opp att i minnene det som skjedde, slik dei hugsar det frå då dei var unge, men skildrar også korleis ein kan komme seg vidare.

Lilla er ei teaterframsyning som er rik på musikk. Lyddesignet og musikken blandar seg med scenelyset og skaper det atmosfæriske og emosjonelle scenerommet til historia som blir fortalt. Det blir vakkert, sårt, råd å kjenne att, poetisk - og ikkje minst humoristisk!

 

Framsyninga blir vist på den turnerande intimscena vår med plass til rundt 60 publikummarar.
Framsyningslengd: 50 min.

 

Mørkt Fosse-teater om sårbart ungdomsliv

“Det var akkurat så sitrande rått og samstundes poetisk som Fosse vil ha det. Skodespelarane framførte intimteateret sitt med glans, i forfattaren si ånd. Kvart einaste ord, kvar einaste replikk hadde djupnad og kraft” - Fjordingen (Abo)

Litt komisk, mest klaustrofobisk

“Intensiteten til dei fem karakterane på scena gjer et eg gløymer at dette er teater. Eg vert så riven med at eg får ein sterk trong til å forlate salen” - Scenekunst.no

Inferno à la Fosse

“Det er som om vi skjønar meir om vår eiga plassering i verda gjennom det store i den vesle forteljinga. Alt er filtrert gjennom menneska, gjennom karakterane” - Norsk Shakespearetidsskrift (Abo)

 

Framsyningsfoto LILLA

Foto: Espen Nyttingnes

 

Podcast Bak maska

Er du ein av dei som synest at tekstane til Jon Fosse kan vere tunge å fordøye? Regissør Martin Lotherington meiner tvert om. Han er opptatt av at teater skal kommunisere, og det verste han kan tenke seg er at publikum sit att og føler seg dumme. «Eg vil ikkje lage rebus», seier han i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Podkasten er produsert av Rakkar og er også tilgjengeleg på Spotify og andre plattformer som distribuerer podcastar.

 

KUNSTNARLEG LAG

Av Jon Fosse
Regi og visuelt konsept Martin Lotherington
Komponist og lyddesignar Tobias Grønborg
Lysdesignar Krystian Myska
Spesiell takk til Kristina Vikøren for arbeidet med kostyma.
Medverkande Harald Ottesen Nødtvedt, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Katrine Lunde Mackenzie og Rune Sæter