Alle vegar leiar til Sunnfjord og Fjaler - rasfare eller ikkje

 

Kor mykje kan ein presse inn på éi veke?  Ikkje så reint lite, er fasiten. I veke 36 arrangerte vi kurs i dialektovergang og teaterets første bransjetreff. Vi samarbeidde med Kulturtanken om fagsamtalene deira, og vi bidrog til Teaterfestivalen i Fjaler.  

Viss du leitar etter ei forklaring på kvifor Sunnfjord og Fjaler blir kalle “eit episenter for nyskapande scenekunst for tida”, kan du starte med ein prat med Miriam Prestøy Lie og Cecilie Grydeland Lundsholt. Alle foto: Heidi Hattestein

 La oss begynne med det siste, samarbeidet med 10-åringen Teaterfestivalen i Fjaler.  

— Gjennom åra har Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, vore ein stor og viktig motor i å bygge opp miljøet vi har i Dale, seier Miriam Prestøy Lie, som saman med Torkil Sandsund og Ingrid Hansen starta Teaterfestivalen i Fjaler.

— Gleda går begge vegar. Klart det er spennande for oss som regionteater å bidra til Norges kulaste teaterfestival, og det er også i tråd med mandatet vårt, svarer teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.  

Stikkordet er samarbeid, og det blir lagt merke til langt ut over kommunegrensene. «Eit episenter for nyskapande scenekunst for tida», skreiv Bergens Tidende om Teater Vestland og Teaterfestivalen i Fjaler tidlegare i år. 

 

Synergiar her og no   

I år var samarbeidet med teaterfestivalen meir utstrakt enn tidlegare. Teateret bidrog fagleg, økonomisk og kunstnarleg med framsyninga Katteblues - i tillegg til utlån av utstyr som det ville ha kosta fleire hundre tusen kroner å leige. 

Det er mange synergieffektar av å jobbe på lag. Her får bransjen i oppgåve å prioritere - utan ord - med å flytte lappar på golvet.

Mange trådar fletta seg saman opp mot årets teaterfestival og kulminerte i eit program proppfullt av barne- og ungdomsframsyningar: Teatersjef Grydeland Lundsholt si satsing på teater for barn og unge, Kulturtanken som la fagsamtalene sine hit og teaterfestivalen si programmering - håp som del av ein triologi - der det var naturleg å prioritere dei yngste, våre håpefulle.  

— Vi hadde ein ambisjon om å nå alle born mellom 0 og 18 år i Fjaler, og det greidde vi på sett og vis. Vi nådde dei yngste med barnehageframsyningar. Vi samla 700 skuleungar på teaterdag for barn, og ungdomsskuleelevane skapte ei festivalløype med hendingar saman med masterstudentane på KHIO. Vi arrangerte danseworkshop for ungdommar og hadde ein eigen ungdomsredaksjon under festivalen. Alt i alt enda vi med publikumsrekord på nærare 4000, seier Prestøy Lie.  

— Teaterfestivalen skal ha enorm kred for at dei tilpassa programmet og dermed gjorde det endå meir attraktivt for Kulturtanken å samle DKS-forumet i Dale. Så toppa Teater Vestland det heile med å arrangere bransjetreff; ein møteplass for skapande og utøvande scenekunstnarar i regionen, seier teatersjef Grydeland Lundsholt.  

Synergiar på lengre sikt  

Dei varige synergieffektane er mange: Nynorskhuset som skal stå innflyttingsklart neste år. Samvirke scene som er under oppbygging i Dale. Samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst som gjer at det blir skapt nye tekstar.  

For tida leiar alle vegar til Førde, Sunnfjord og Fjaler - rasfare eller ikkje. 

Kulturtanken sine fagsamtaler:  

Under portretta av tidlegare ordførarar i kommunestyresalen i Fjaler grilla teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt eit panel med tre gjester med spørsmål om Den kulturelle skulesekken: Kjell Moberg, Kari Ramnefjell og Øyvind Høstaker.

For første gong la Kulturtanken fagsamtalene sine utanfor eigne lokale i Nydalen. Det heile starta med at Ragnhild Tronstad, fagansvarleg for scenekunst i Kulturtanken, las eit intervju i fagbladet Periskop, der teatersjefen snakka om utfordringar i Den kulturelle skulesekken.

Intervjuet gjorde såpass inntrykk at Tronstad plukka opp telefonen, og slik kom trepartsarbeidet i stand: Teater Vestland + Kulturtanken + Teaterfestivalen i Fjaler = sant.

— Vi er strålande fornøgde, seier Ragnhild Tronstad og held fram:  

— Det gjekk knirkefritt, takka vere fantastisk innsats og hjelp med logistikk og programmering frå Teater Vestland og Teaterfestivalen i Fjaler, generøst lån av kommunestyresalen til Fjaler kommune og samarbeidet med Vestland fylkeskommune og Norsk scenekunstbruk. Vêret var nydeleg og det kunsatnarlege programmet på festivalen fabelaktig – og ikkje minst – maten eit kapittel for seg sjølv. 

Regionalt bransjetreff:  

Vi starta med bli-kjent-leikar for å bryte isen.

Bransjetreffet gjekk over to dagar og to kommunar. Programmet starta i Førde i Sunnfjord og enda i Dale i Fjaler.  

— Programmet var fyldig, fagleg relevant og interessant, seier ein av deltakarane og samarbeidspartnarane, Millan Persdotter Persson, dagleg leiar i Proscen.  

Her er gjengen som deltok på det første bransjetreffet i Teater Vestland si historie.

— Om eg skal kicke på noko, så er det at programmet var for fyldig. Det hadde vore fint med nokre litt lengre pausar i løpet av dei to dagane. Eit bransjetreff er nyttig med tanke på å bygge nettverk. Ein møter andre som driv med noko av det same, ein fin miks av skodespelarar, dansarar, produsentar og andre funksjonar i teatermiljøet. At vi i tillegg fekk med oss ein festivaldag i Fjaler på tampen var sjølvsagt ein bonus, seier Persdotter Persson, som også drar fram den gode maten i ete fysst-regionen.  

Ein av dei andre deltakarane, Lise Nøttseter ved Bergen Dansesenter, peiker på at bransjetreff kan fungere som ei bru mellom det frie scenekunstfeltet og teaterinstitusjonane, og at dei gir næring til kvarandre.

— Institusjonane har eit ansvar for å ta vare på også dei uavhengige kunstnarane. Det er nyttig å ha ein personleg relasjon til den som er i andre enden av ei telefonlinje eller ein e-post. Då trur eg ein forstår kvarandre betre, seier ho.  

Kurs i dialektovergang:  

Deltakarane på kurs i dialektovergang, saman med kurshaldar Eldbjørg Lognvik.

Den innhaldsrike veka starta på teateret med kurs i dialektovergang. Kurshaldar Eldbjørg Lognvik lærer vekk ein systematisk metode som kan nyttast uansett kva språk eller dialekt ein skal legge om til på scena.

14 personar deltok, i tillegg til tidlegare teatersjef Terje Lyngstad. La oss kalle han rampen på bakarste benk. Han er prosjektleiar for utgreiinga av Nynorsk scenespråksenter og har dei siste åra hjelpt mange skodespelarar med Sunnfjord-dialekta. Han var på kurs for å få fagleg påfyll.  

— Eg lærte ein del teknikkar som eg kan nytte i mitt eige arbeid. Dialektene er så ulike. Nokre går opp og nokre ned, og nokre er veldig flate. Det handlar om å bevege seg i takt med dialektene og få dei inn i kroppen. Det var ein augeopnar for meg kor viktig dette er for at språket ikkje skal stå i vegen for rollefiguren, seier Terje Lyngstad.   

Tilbakemeldinga frå kursdeltakarane er det er behov for denne kunnskapen. Mange fleire enn det var plass til søkte seg til kurset.

Teatersjef og vertinne Cecilie Grydeland Lundsholt under ein båttur på årets teaterfestival. Med seg har ho nettverket i Den kulturelle skulesekken.

Styrken av samarbeid

Etter ei lang og innhaldsrik veke kan ein glad og fornøgd teatersjef oppsummere:

— Vi har jobba med kompetanseheving. Vi har samla bransjen og bygd nettverk som har vore så etterlengta etter covid. Og vi har sett fokus på kva scenekunst for barn og unge kan og skal vere, seier Cecilie Grydeland Lundsholt.

 
Heidi Hattestein