LEDIG STILLING
PROSJEKTKOORDINATOR 100% vikariat

Teater Vestland søker vikar i 100% stilling for vår allsidige prosjektkoordinator med tiltreding snarast og varigheit ut mars 2025.

Som prosjektkoordinator er du ein del av produksjonsavdelinga ved teateret, men har ei koordinerande rolle for alle avdelingar. Du står sentralt plassert og har kjennskap til all aktivitet som går føre seg både i salane, restauranten og på turné.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Samarbeide tett med Røyst mat og vinhus, marknadsavdelinga, teknisk avdeling og inspisientar om planlegging av aktivitet på huset.

  • Detaljplanlegging av turné, inkludert tinging av speleplassar samt reiser og overnatting.

  • Kontraktering og programmering av gjestespel i Nynorskhuset

  • Bidra til oppdatert planverk og gode rutinar for utsending av informasjon.

Kvalifikasjonar:

Vi søker deg som har erfaring frå kulturproduksjon og prosjektarbeid.

  • Utdanning innan kulturleiing eller relevant erfaring frå scenekunstfeltet.

  • Inngåande kjennskap til digitale verktøy, som Microsoft Office og ulike typar planleggingsverktøy.

  • Gjerne erfaring frå turneplanlegging. God kjennskap til Vestland fylke er ein fordel men ikkje påkrevd.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Nynorsk er arbeidsspråk.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med høg gjennomføringsevne.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • Strukturert og løysingsorientert.

  • Trivst i ope kontorlandskap og har godt humør.

Vi tilbyr:

  • Ein spennande, kreativ og utfordrande jobb.

  • Eit hektisk, inspirerande og levande arbeidsmiljø.

  • Stor tilgang på kunstnarlege opplevingar.

  • Nye og moderne lokale i teaterhuset Nynorskhuset.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

  • Løn etter tariff.

Stillinga er midlertidig med moglegheit for forlenging og rapporterer til produksjonssjef.

Det blir kalla inn til intervju fortløpande. Tiltreding etter avtale.

For meir informasjon ta kontakt med poduksjonsjef Anders Nybø, tlf 909 61 722, e-post anders@teatervestland.no.

Søknad med CV skal sendast til post@teatervestland.no. Merk søknaden med PROSJEKTKOORDINATOR

Teateret er underlagt offentleglova.

Teater Vestland er eit av Noregs eldste og hyggjelegaste teater, og 1 av 3 nynorskteater i landet. Med fylkessamanslåinga i 2020 skifta teateret namn frå Sogn og Fjordane Teater og fekk eit nytt geografisk turneområde, og er i dag heile Vestland fylke sitt regionteater. Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Noreg skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet.

Teater Vestland har akkurat flytta inn i nye og moderne lokale i teaterhuset Nynorskhuset i Førde sentrum med teaterproduksjon, administrasjon og prøver. I Nynorskhuset er vi samlokaliserte med avisa Firda og NRK Vestland, og vi har ein felles visjon om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur. Teater Vestland har 23 fast tilsette, fordelte på 14 ulike faggrupper, i tillegg til at teateret engasjerer rundt 80 eksterne innan ulike fagområde knytte til sceneproduksjon i løpet av eit teaterår. Kvart år speler vi ca. 200-250 framsyningar for 15.000-20.000 publikummarar. Teateret har ca. 40 ulike scener som vi speler på rundt om i fylket.