Digitalt programhefte: SEND STORM

Publikum på Send storm får utdelt eit 8-siders programhefte. Her er den digitale versjonen:

TEATERSJEF CECILIE GRYDELAND LUNDSHOLT:

Kjære publikum,  velkommen til kveldens framsyning «Send storm». 

Denne diktkonserten vart til etter at Jakob Sande-senter for forteljekunst kontakta Idun Losnegård og lurte på om ho kunne lage ei kort framsyning basert på Jakob Sande sine dikt til «Fest i Fjaler» i august 2021. Idun tok med seg Viljar Losnegård, og saman skapte dei ei 25 minutt lang framsyning som fengsla publikum, og eg fekk med ein gong lyst til å jobbe vidare med materialet, skape eit heilaftans verk og ta det med ut på turné i heile Vestland. 

Idun Losnegård har ønskt å nytolke Jakob Sande sine dikt for vår tid; kva har desse dikta å seie til oss som lever i dag? Jakob Sande debuterte i 1929 og vart sett på som ein frisk fornyar av nynorsk lyrikk. Men etter modernismen, då rimfrie dikt fekk gjennomslag, vart han etter kvart marginalisert til ein humoristisk visediktar, og Jakob Sande er gått inn i historia som ein av dei mest folkekjære diktarane våre. Han skreiv som kjent teksten til «Det lyser i stille grender», og eg har vorte fortalt at det var for å blidgjere mor si; ho syntest at det Jakob skreiv var så trist og mørkt. Men nettopp det - å ta i forsvar dei som ikkje hadde ei eiga stemme, og å skildre samtida og verda kring seg - har gjort at Sande sine dikt i vår tid er løfta fram som ein del av den norske klassikar-kanonen. Framleis maktar dikta å setje verda i perspektiv og seie noko om vår tids utfordringar. 

Saman med Idun på scena står komponist og musikar Viljar Losnegård. Dei har jobba fram nye tolkingar både i tekst og i eit ambient musikklandskap. Vi kallar «Send storm» ein diktkonsert, og lysdesignar Krystian Myska låner referansar frå konsertestetikk. Han har skapt eit lysdesign som målar bilde med brei pensel over kunstnar og scenograf Marianne Stranger sitt heilskaplege visuelle univers. 

I kveld inviterer vi deg som publikummar til å sette deg godt til rette i stolen, opne øyre, auge og hjarte og bli kjent med Jakob Sande sine dikt på nytt.  

God fornøyelse! 


HAR DU TENKT OVER AT JAKOB SANDE EIGENTLEG SKREIV OM DEG?

Jakob Sande ved sitt kjære Kobbeskjeret, fotografert av ein annan forfattar frå området: Norvald Tveit. Gjengitt med tillating frå Jakob Sande-selskapet.

Formuleringar som «Herren og Hinmannen» kan vere uvande, og «jammersbol» og «moldtunge moderfamnar» er kanskje ikkje dei mest brukte språklege bilda i vår tid. Men orda gir meining i Jakob Sande si dikting, og kjenslene bak, dei kan vi godt kjenne igjen.  

Diktaren grov seg ned i den breie folkesjela og løfta den usminka fram. Han var alltid på lag med dei små og svake. Ta diktet «Ormeljod» som skildrar endeliktet til ein orm som blir kasta på bålet. Sande lever seg inn i situasjonen til det krypande, virvellause dyret som vekker slik frykt og avsky, og får oss til å føle sympati i staden. Ormen står framfor oss, som ein levande skapning med kjensler, og skrik ut sitt raseri mot uretten som blir gjort. 

Ein ung Jakob Sande. Foto: Jakob Sande-selskapet  

I «Husdråpa» tar Sande farvel til ein Oslo-hybel, du gamle rottehol der aldri eg såg sol. Og i «Gjentesmil» skriv han altoppslukande om korleis eit varmt smil frå ei jente kan forandre absolutt alt.  

I arbeidet med «Send storm» sende publikum inn ønskedikt, og to dikt vart lagde til på settlista: «Hornelen» og «Da Daniel drog». Spesielt er diktet om Vesle Daniel allemannseige; han som skal reise til sjøs og gjer kista klar i denne stund. I 1932 tok Sande sjølv hyre i utanriksfart. Han reiste mot foreldras vilje og med djup kjærleikssorg. Han hadde fridd til Halldis Moren like før, men fått nei. Året til sjøs sette spor i alle seinare diktsamlingar, og sjølv sa han at det var den lukkelegaste perioden i livet.  

Bildet av Sande, sitjane på tofta med ein lutt i hendene, er tatt av ein annan forfattar frå området: Norvald Tveit. Sande gjekk alltid i FSF-genser når han var på hytta ved Kobbeskjeret. Fann Sitt Folk meinte han logoen til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane kunne stå for. Kjærleiken til sjøen og havet gjorde han til eit naturleg val som festdiktar då Fylkesbaatane feira 100 år i 1958.  

  

BIO: Jakob Sande (1906-1967) var født inn i ein søskenflokk på sju, der fem vaks opp. Faren var lærar, klokkar og ordførar, og mora fylte heimen med song og forteljingar. Heimen deira i Dale var open, og mange kom innom på besøk. Sjølv budde han mesteparten av sitt vaksne liv i Fredrikstad og Oslo. Han var gift med Solveig i ti år, og dei fekk éi dotter i lag. Etter krigen skaffa han seg hytte ved Kobbeskjeret i Dalsfjorden, og der var han mykje. 


FOTO FRÅ FRAMSYNINGA:


IDUN LOSNEGÅRD: EG VILLE SANDE HEILT INN PÅ LIVET  

Idun Losnegård. Foto: David Zadig

Den første skikkelege tenninga fekk eg då eg las diktet «Eg vil heim» til musikk av Thomas Newman. Diktet blei til eit rom som eg ikkje ville ut av, eg ville berre vere inne i det og aldri komme ut.  

Viljar og eg fann fort ut at vi skulle skape ulike rom til dikta, der orda kunne bevege seg fritt. Vi jobba med å finne kjenslene dikta gav oss. Musikken jobbar anten saman med orda, eller den er med og gir motstand. 

Det er med skrekkblanda fryd vi set ut med denne diktkonserten. Utgangspunktet vårt var å opne opp for dei såre tonane til Sande. Vi ønska å vri dikta tomme for saftig humor og ta karakterane og forteljingane på dørgande alvor. Sande var tidleg i sin karriere sett på som ein fornyar av poesien.  Men han blei mest kjend som moroman som skreiv koselege, søte historier om morosame karakterar. Dette stempelet ville vi til livs.  

For sjølve mannen var sår og lett fornærmande, lengta heimatt og var til tider lei av livet. Han både elska bygda si og alle dei merkverdige karakterane som budde der, og samtidig følte han at det var eit stort djuv mellom han og dei.  

Sande ser dei små og svake, dei som ikkje kan fortelje sine eigne historier. Dikta er tidlause og får ny betydning etter kvart som verda endrar seg. Det er vanskeleg å lese «Gamle-Jo talar» i dag, utan at tankane går til Ukraina og krigen mellom broderfolk. Eit liknande tankeeksperiment kan ein gjere med diktet «Etter ein rangel». Dei fleste av oss kan vel vere einige om at det tar for seg ein mann i sin beste alder som har gått på fylla, men går det an å tenke seg at det i staden handlar om ei tenåringsmor som ikkje eig nåla i veggen og er heilt på felgen, og som strevar med å handtere kvardagen? Snur ein om på det, vil ein sjå at dikta har mykje å tilføre menneske også i dag. 

  

BIO: Idun Losnegård har ide og konsept til diktkonserten «Send storm». Ho er utdanna skodespelar ved The Guildford School of Acting, og ho jobba som frilans skodespelar både i Storbritannia og Norge, før ho vart fast tilsett på Teater Vestland. Her har ho mellom anna spelt i “Frakt under havet”, “Gratis og uforpliktande verdivurdering” og “Miriam si forteljing - juleevangeliet". Ho er dessutan vokalist i bluesbandet Mrs. and the Pitifuls. Ho bur med mann og barn i Stongfjorden, med frittgåande høner og eigen foss i hagen. 


VILJAR LOSNEGÅRD: NOKO UVENTA KAN NÅR SOM HELST SKJE  

Viljar Losnegård. Foto: Robert Tomkiewicz.

Lydbildet i «Send Storm» er ein kombinasjon av musikk og lyddesign som bevegar seg innanfor sjangeren ambient electronika. Dikta er sjølvstendige verk, og musikken følger same sporet. Tanken er at kvart dikt skal ha si heilt eiga verd. 

Vi har dykka ned i materien på leit etter nyansar og brot. Musikken kan vere med på å  underbygge ei kjensle, eller den kan stå i direkte kontrast til den. Nokre gonger tar musikken mykje plass, og andre gonger bukkar den av der teksten bør stå åleine.  

Oppsettet på scena består av mange forskjellige synthar, samplerar og effektboksar som «snakkar saman». Alt blir styrt i sanntid, anten eg speler på synthane, styrer effektane eller setter i gang samplaren. Tanken bak dette oppsettet er at musikken skal kunne følge dikta sine toppar og dalar, og at inga framsyning blir lik. Sjansen for at noko uventa skal skje er alltid til stades, og fallhøgda er stor. Det synest vi er kjempegøy! 

Eg vaks opp 3-4 steinkast (kjem an på kven som kastar) frå der Jakob Sande vaks opp. Eg har alltid kjent til han, og vi spelte blant anna «Likfunn» i bandet mitt då eg var yngre. Men det er ikkje før no at eg har fått dykka skikkeleg ned i verka hans og sett meg inn i konteksten dei er skrivne i. Og til liks med Sande har eg òg sete i Oslo, litt sliten, og romantisert over korleis det er heime i Sunnfjord.  

  

BIO: Viljar Losnegård er utdanna trommis ved The Liverpool Institute for Performing Arts, og han jobbar som frilans musikar og lyddesignar. Han har vore produsent for artistar som Dagny, Bendik, deLillos og Anna Of The North. Han vaks opp i Dale ganske nøyaktig 86 år etter diktaren. Så snart turneen med «Send storm» er ferdig, skal han på tur med kjærasten i seglbåt. 


SEND STORM

JAKOB SANDE - EIN DIKTKONSERT

Helsing 

Gamle-Jo talar 

Då Daniel drog 

Den gamle fela 

Ormeljod 

Hornelen 

Fløytelåt 

Eit glimt 

Budeia 

Gjentesmil 

Nekrolog 

Husdråpa 

Etter ein rangel 

Eg vil heim 

Likfunn 

Send Storm 

Heidi Hattestein