Ei magisk feiring av julas under

 

"Julekrybba" er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og kulturskulane Førde og Naustdal,  Florø og Jølster. Totalt er 90 born og unge i alderen 8 til 19 år med. 

Jeff Pedersen er instruktør for Julekrybba. Han ønskjer å gje deg opplevinga av å oppleve ei kjend og kjær historie for første gong – på ny. 

– Utfordringa med eit stykke som Julekrybba er at historia er veldig kjend. Alle kan den,  seier Jeff, og målet med kunst er å skape kjensler og reaksjonar. Når du les ei bok, ser ein film eller går på eit teaterstykke for første gong, kjem ein med friske auge. Du let deg glede, røre og overraske, noko som er tøffare å skape når publikum kjenner historia. Men vi skal gjere historia ny og ”fresh”, og ta publikum med på ei spennande reise. Julekrybba skal by på det uventa kombinert med det tradisjonelle. Publikum skal ikkje vite kva som skjer frå augneblink til augneblink. Vi skal overraske. Vi har gjort spennande regigrep og leika med musikk som folk kjenner godt. Sogn og Fjordane Teater har også laga 30 fantastiske kostyme som er inspirert av seinmiddelalderen og renessansen. Dette er ei oppleving i seg sjølv, lovar han.

Tradisjon og nyskaping

Men den verkelege magien vil han skape med enkle verkemiddel. – Vi har ingen stor teknisk rigg å spele på. Derfor vi må gjere kvar scene både enkel og vakker. Det krev at vi er kreative og lagar magi med godt skodespel og enkle verkemiddel. Det passar også både kyrkja og historia godt. Vi brukar til dømes lys og skuggar til å skape dei effektane vi ønskjer. Kjernen i stykket er Jesu fødsel, eit lite barn, som endra verda. Å illustrere noko så stort og viktig med å halde opp ei lita dokke, er ikkje spesielt, smiler Jeff. – Vi fann ei løysing som får fram det vakre og stordomen i dette. Men den røpar eg ikkje før du sit i salen.

Kyrkjerommet er i seg sjølv ei utfordring, ein skal spele i tre kyrkjer av ulik storleik, med nye og ulikt tal skodespelarar kvar stad.
– Logistikken er krevjande, og vi har mange unge skodespelarar med lite erfaring. Men utfordringar er kjekt! Ingen kunstnar vil ha det enkelt. Det å overvinne utfordringane gjer det verdt å halde på. Då er det ekstra kjekt når ting klaffar, og publikum får gode, vakre opplevingar. Vi har funne ei form på stykket som løyser alle desse utfordringane på ein enkel og vakker måte. Vi samlar heller ikkje skodespelarane på ei scene, framfor eit passivt publikum: Vi fyller kyrkjerommet! Skodespelarane er rundt, framfor, i, bak og over publikum.

Magiske augneblink

Jeff er skodespelar, teknikklærar og instruktør. Det kjem godt med når 90 born og unge skal førast inn i skodespelet si verd.

– Vi med erfaring må vere rollemodellar og vise kva profesjonelt skodespel inneber. Det handlar om å sjå dei som individ, løfte dei opp og få det beste ut av kvar einskild, og at vi slepper taket og stolar på dei. Dei må vite at vi respekterer dei, og at dei har fridom til å ta initiativ, krevje rom og leike på scena. Når alt då fell på plass, oppstår magien. Å sjå ein skodespelar ta sin første store sjanse på scena, og for første gong verkeleg opplever kva skodespel er, det er ei ære å vere vitne til. Alle skodespelarar hugsar den augneblinken, meg sjølv inkludert. Å vere med på å gje den kjensla til unge menneske, det set eg stor pris på. 

Spente debutatar

Det er mange unge og spente skodespelarar som dei neste vekene finpussar rollene sine i ”Julekrybba”. Ei av dei er Sara Vik Søvde (15), som verkeleg gler seg til premièren. 27. november står Sara i Naustdal kyrkje som den berykta Kong Herodes, som i følgje Matteusevangeliet gav ordre om at alle guteborna under to år i og rundt Betlehem skulle drepast, for å få has på Jesusbarnet. – Vi er berre to gutar i vår gruppe, så då må vi jentene trå til i guterollene. Eg er ikkje så veldig hyggeleg i stykket. Eg håpar folk heller dømmer meg for den eg er til vanleg, ler Sara.

Det er hennar første reine skodespelarrolle, men Sara fekk prøvd seg litt på skodespel i prosjektet Ung 2016, eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater, Den kulturelle skulesekken og seks grunnskular i Sogn og Fjordane. – Regissør Nadja Raszewski laga ei abstrakt danseførestilling som vi jobba med ei heil veke. Det var spennande og gav meirsmak. Dans har mykje skodespel i seg, og eg likar den kombinasjonen, seier ho, og fortel at ho byrja å danse på Danseverkstaden. – Eg byrja å danse då eg var fire år, og sidan har eg dansa. No går eg på Dans Utan Grenser. Eg har har alltid likt å kle meg ut og spele roller, utan å ha fått høve til å spele i eit skodespel. Så då ”Julekrybba” søkte etter skodespelarar, var eg klar med ein gong, seier ho.
 

Kjekt når ein blir teken på alvor

– Eg gler meg til framføringane i Naustdal kyrkje, men eg trur det kjekkaste i grunnen alt det som skjer i forkant. Prosessen rundt framsyninga har vore kjempekjekk. Vi får mange fine erfaringar og opplevingar å ta med oss vidare. Mange av skodespelarane er unge, vi er frå 9-19 år. Likevel blir vi tekne på alvor, alt er seriøst, på same vis som vaksne skodespelarar. Alt er profesjonelt: Fantastiske kostyme, profesjonell styring og regi, alt er gjennomført i minste detalj. Det er ikkje eit ”skulespel”, men eit profesjonelt stykke på alle vis. Derfor er det utruleg lærerikt og enno kjekkare å vere med på. Nett no gler eg meg aller mest til den siste veka før premieren. Då skal vi vere på kulturskulen kvar dag for å øve, ordne kostyme, pirke på detaljar og ha generalprøve. Den veka ser eg veldig fram til, smiler ho.

Sjarmbombe

 – ”Julekrybba” blir ei veldig flott framsyning som byr på den ultimate julestemninga. Vi snakkar om ei sjarmbombe der små og store kulturskuleelevar i fantastiske kostymer spelar og syng i den flotte ramma som kyrkja gir. Det blir utruleg koseleg og kan hende til og med ganske rørande, seier Anja Gulbrandsen, kulturskulerektor i Jølster. I Helgheim kyrkje er det 25 jølstringar som får sin skodespelardebut 4. desember. 

– Kostymeprøvane for eit par veker sidan var stas. Då byrja dei unge sjølve å sjå konturane av kva dette kan bli. Dei har øvd lenge og blir meir og meir spente. Av og til lurer dei yngste på om vi verkeleg må terpe meir no, ler ho. – Alle har utvikla seg mykje. I starten las dei meir enn dei spelte. Så kom regissør Jeff Pedersen på bana for å inspirere. Han fabulerte fram andre måtar dei unge kunne tenkje på. Ein såg lyset i auga deira då dei kom inn i den verda, og kor dei vaks som skodespelarar.

 Kjekt samarbeid

– Vi kulturskulerektorar har ønskt oss eit slikt prosjekt, og vi set stor pris på initiativet frå Sogn og Fjordane Teater. Å få vere med i ei slik profesjonell oppsetjing er spennande, og det gjev oss andre arbeidsrammer enn vi er vande til. Mellom anna får vi fantastiske ferdigsydde kostyme til denne framsyninga som teateret har laga. Til vanleg må elevane ”på roteloftet” etter ting å lage kostymer av, så det er ei kjekk oppleving. 

Heile fylket sitt teater

Kulturskulen i Florø driv ikkje med drama til vanleg, så dette har vore ei kjekk oppleving, seier inspektør Torgeir Halvorsen ved Flora kulturskule. – For oss er det alltid interessant når ungdom vil jobbe med kultur, i alle former. Å samarbeide med Sogn og Fjordane Teater er også veldig kjekt. Dei er heile fylket sitt teater, og det viser dei med slike prosjekt der dei jobbar ute i lokalmiljøa. 

20 lokale born og unge er med Florø sin eigen profesjonelle skodespelar, Reidun Melvær Berge. Sidan vi ikkje har dramalærar, fekk vi inn ein annan lokal og profesjonell skodespelar, Oda Alisøy, som kulturskuleansvarleg. Så her får ein dobbelt opp, smiler Halvorsen

Halvorsen skryt av dei dyktige og unge skodespelarane. – Dei har hatt veldig god progresjon sidan starten av øvingane. Det har vore kjekt å sjå utviklinga. Eg er ingen skodespelar, men eg trur ikkje det er stor skilnad om skodespelaren er 10 eller 60 år: Tenningsnivået stig dess nærare ein kjem premièren. På kostymeprøva for to veker sidan losna det. Då kom karakterane til liv. Dei har også hatt øvingar i kyrkja, og då blir det meir ”verkeleg” for dei.

Sjølv om historia er 2016 år gamal, så handlar stykket om noko som alltid er like aktuelt. – Det handlar om nestekjærleik: Det med å ta vare på kvarandre, eit alltid høgaktuelt tema, avsluttar Halvorsen.

 
Lene Grande