Bondetinget - dokumentarteater som angår deg

Framsyninga «Bondetinget» peiker på at stortinget og Norges Bondelag står bak ei styrt avvikling av landbruket, med utarming av bygdene som resultat.  

 

Den politiske hausten på Teater Vestland startar med «Bondetinget», dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk gjennom hundre år. Regissør og dramatikar Torkil Sandsund har jobba med materialet i mange år, og han har gått gjennom eit enormt bakgrunnsmateriale i form av intervju, skriftlege kjelder og lydopptak.  

I stykket kjem det fram at norske bønder er gitt retten til å forhandle med staten kvart år, og formålsparagrafen til Bondelaget har vore meir eller mindre uendra: «Norges Bondelag har til formål å samle alle som er eller kjenner seg knytte til bondeyrket, for å fremje felles saker, tryggje landbruket og arbeide for dei økonomiske, sosiale og kulturelle interessene i bygdene.» 

Det er i alles interesse, ikkje berre bøndene, ein villa distriktspolitikk.  

I røynda har vi sett motsett utvikling: Ei enorm nedbygging av landbruket og ei utarming av bygdene. Sidan krigen har drygt 300.000 bønder forlete yrket, og saman med dei har skular vorte avvikla, og møteplassar som butikk og post forsvunne.   

— Noko er stole frå heile det norske folket, og i «Bondetinget» går vi i djupna på korleis det kunne skje. Vi konsentrerer oss spesielt om dei dramatiske 1970-åra. Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tar skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss mellom anna innom Øksnesutvalet, Hitraopprøret og Opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar - på dialekt - deriblant Jan E. Melbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo som er ein gjennomgåande karakter i stykket, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.  

Varslaren Helge Bergo  

Stykket er for ein stor del basert på intervju med Bergo og bøkene hans «Norsk landbruk – ei økonomisk slagmark» (Samlaget) og «Avviklinga av den norske bonden» (Vestlandsforlaget). 

Helge Bergo på sine eldre dagar. Fotoet er brukt med tillating frå familien.

Helge Bergo på sine eldre dagar. Fotoet er brukt med tillating frå familien.

Han såg kva som var i ferd med å skje, og han prøvde å varsle: Bøndene forsvinn, spesielt på dei små bruka, og med dei forsvinn livsgrunnlaget i bygdene.  

I dag er Helge Bergo også borte. Han døydde i 2019.  

Regissør Torkil Sandsund møtte han og kona hans heime i Eksingedalen.   

— Eg jobba mykje som avløysar frå 14-årsalderen og høyrde bøndenes forteljingar om skiftande vilkår. Det vaks fram ein del spørsmål i meg; spørsmål som fekk svar då eg kom over boka «Avviklinga av den norske bonden» av Helge Bergo, seier Torkil Sandsund og held fram:  

— I 2014 jobba eg og Aslak Moe med framsyninga «Mat». Vi reiste til Eksingedalen for å intervjue Bergo, og vi vart verande i fleire dagar. Materialet vart ikkje brukt den gongen, og det har lege og jobbe i tankane mine sidan.   

Det har no resultert i dokumentarteateret «Bondetinget».  Manuset er utvikla i prøveperioden i tett samarbeid mellom regissør og skodespelar. 

Kinderegg for Gerhardsen  

Stykket avslører strukturane som har ført til at dagens landbruk er som det er.  

Etter krigen stod stortinget og Bondelaget samla om jamstillingsmålet; at bøndene skulle ha ei inntekt som matcha andre yrke.  

Det var berre det at bøndene måtte finansiere jamstillinga sjølv, gjennom å produsere meir. Og då får ein det som Sigmund Borgan, mangeårig styrar ved Norges landbrukshøgskole på Ås, kallar «tredemøllemodellen»:  

To nabogardar har 6 kyr kvar. Den eine doblar produksjonen til 12 kyr. Det vert overproduksjon, og prisen på mjølk går ned. Bonden med færrast kyr klarer ikkje å dekke utgiftene sine og må legge ned, men også bonden med flest kyr får merke endringane. Prisen går ned, og han har gjerne lånt til investeringa. Han tener det same som før, men produserer like mykje som dei to gjorde til saman.  

Repeat.  

Det var dødsstøtet, ikkje minst for mindre bruk. Verneskogen i bondesamfunnet, som dei gjerne vert kalla.  

Landet skulle byggast, og jamstilling og effektivisering var eit kinderegg for Einar Gerhardsen: Han fekk lågare pris på mat, eit håp om høgare løn til bøndene som vart att i landbruket, og arbeidsfolk til industrien.  

I maktas korridorar  

Helge Bergo slår fast at Bondelaget - med auka intensitet utover på 1970-talet - går mot sin eigen formålsparagraf og slår inn på ein ny kurs. Omfattande strukturendringar er hovudmålet.  

Men kvar blei dette avgjort?  

I altfor stor grad på bakrommet, kjem det fram i stykket.  

Halen lograr med hunden   

Samvirka - Tine, Nortura, Felleskjøpet med fleire, 16 i talet - har ei sterk stilling i Bondelaget. Dei er mellom anna representerte i styret og har tale- og røysterett når representantskapet utarbeider Bondelagets krav til staten i jordbruksforhandlingane.  

Samvirka er eigd av bøndene og har til formål å skaffe dei best mogleg prisar og lågast mogleg kostnader. Men dei er òg bøndenes kundar og leverandørar, eit heilt nettverk som lever av det bøndene produserer og investerer. 

Stykket teiknar eit bilde av at bøndene og bygdene ikkje har kontroll på sine eigne organisasjonar. I boka «Bygd og bonde» - som Bondelaget sjølv gav ut i 1975 - beskriv professor Thomas Wyller eit korporativt villnis der kontakten mellom organisasjonane og statsapparatet blir stadig meir intim.  

«De inngår avtaler med myndighetene som binder dem til et lojalitetsforhold og forplikter dem til å sette avtalene i verk overfor sine medlemmer.»  

Nedbygginga held fram  

Ved jordbruksforhandlingane i 2021 kravde Bondelaget «en reduksjon i antall årsverk på 2,9 prosent tilsvarende 1250 årsverk fra 2021 til 2022». Dette for å finansiere framforhandla inntekter til bøndene.  

Kursen som Einar Gerhardsen staka ut i 1947 om effektivitet og produktivitet ligg altså fast og djupt forankra hos partane i jordbruksforhandlingane.  

Regissør og dramatikar Torkil Sandsund.

Regissør og dramatikar Torkil Sandsund.

Eit dugande format   

Dokumentarteater er ei form som gjer det mogleg å vise fram strukturar det elles kan vere vanskeleg å sette fingeren på.  

— Regissør Torkil Sandsund har jobba med dette materialet sidan 2014. Han har gjennom samtalar med informantar og grundig undersøking av både skriftlege kjelder og lydopptak skaffa seg ei oversikt som svært få kan matche, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 

Ho peiker på at det handlar det om å vere vaken idet samfunnsendringane skjer, og ikkje sitte etterpå og vere overraska over at det gjekk som det gjekk.  

— Det er lett å tenke at vi ikkje kan gjere noko med samfunnsutviklinga. Men eg meiner det er beint fram umogleg å gå ut frå denne framsyninga og tenke at det er uunngåeleg at 9 av 10 bønder har forsvunne ut av næringa sidan krigen, seier teatersjefen. 

Heidi Hattestein