Den politiske hausten

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt tar hoftefeste før den politiske hausten på Teater Vestland. Foto: Espen Nyttingnes

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt tar hoftefeste før den politiske hausten på Teater Vestland. Foto: Espen Nyttingnes

Teater Vestland byr på eit politisk trekløver denne valhausten: dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk, samfunnssatire med Are Kalvø og ei familieframsyning som tar for seg fattigdom. 


Kan teater gjere verda betre? Det er eit spørsmål teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt grunnar mykje på. 

— Teateret skal ikkje vere partipolitisk, men vi skal kjempe for ytringsfridommen og vere engasjert i samfunnet, seier teatersjefen. 

Krafta som ligg i historiene  

«Engasjert» er eit ord som beskriv teatersjefen godt, og engasjementet hennar famnar breitt. Ho køyrer gjerne fylket rundt i timevis for å få med seg oppsetjingar i underskogen av frie teatergrupper og amatørtrupper, og ho kan snakke seg varm om dei store linjene når det gjeld teaterets rolle i samfunnet. 

— Dersom eg set elektrodar på hovudet ditt og fortel deg ei historie, så lyser dei same områda opp som om du hadde opplevd det sjølv. Det viser nyare forsking. Du får ei erfaring som du har lånt av meg. Vi seier gjerne at vi ikkje kan lære av andres feil, men eg er overtydd om at vi kan lære av andres erfaringar gjennom historiene vi fortel kvarandre. 

Og sterke historier vert det mange av på Teater Vestland denne hausten og vinteren. 

Opnar med dokumentarteater som angår deg 

Butikken er stengt og skulen er for lengst nedlagt. Vil bygda di overleve? 

Den politiske hausten på Teater Vestland startar med «Bondetinget», dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk gjennom hundre år. Regissør og dramatikar Torkil Sandsund har jobba med materialet i mange år, og han har gått gjennom eit enormt bakgrunnsmateriale i form av intervju, skriftlege kjelder og lydopptak. 

I stykket kjem det fram at norske bønder er gitt retten til å forhandle med staten kvart år, og formålsparagrafen til Bondelaget har vore meir eller mindre uendra: «Norges Bondelag har til formål å samle alle som er eller kjenner seg knytte til bondeyrket, for å fremje felles saker, tryggje landbruket og arbeide for dei økonomiske, sosiale og kulturelle interessene i bygdene.»

Dette er i alles interesse, ikkje berre bøndene, ein villa distrikstpolitikk. 

I røynda har vi sett motsett utvikling: Ei enorm nedbygging av landbruket og ei utarming av bygdene. Sidan krigen har drygt 300.000 bønder forlete yrket, og saman med dei har skular vorte avvikla, og møteplassar som butikk og post forsvunne.  

— Noko er stole frå heile det norske folket, og i «Bondetinget» går vi i djupna på korleis det kunne skje. Vi konsentrerer oss spesielt om dei dramatiske 1970-åra. Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tar skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss mellom anna innom Øksnesutvalet, Hitraopprøret og Opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar - på dialekt - deriblant Jan E. Melbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo som er ein gjennomgåande karakter i stykket, seier teatersjef Cecilile Grydeland Lundsholt.

Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen står åleine på scena i “Bondetinget”. Han gestaltar eit tjuetals historiske personar med varme og innleving - på dialektene deira. Foto: Espen Nyttingnes.

Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen står åleine på scena i “Bondetinget”. Han gestaltar eit tjuetals historiske personar med varme og innleving - på dialektene deira. Foto: Espen Nyttingnes.

Vere vaken når samfunnsendringane skjer 

Djupast sett handlar det om å vere vaken idet samfunnsendringane skjer, og ikkje sitte etterpå og vere overraska over at det gjekk som det gjekk. 

— Det er lett å tenke at vi ikkje kan gjere noko med samfunnsutviklinga. Men eg meiner det er beint fram umogleg å gå ut frå denne framsyninga og tenke at det er uunngåeleg at 9 av 10 bønder har forsvunne sidan krigen, og at bygdene våre ligg på sotteseng, seier teatersjefen. 

Dokumentarteater er ei form som gjer det mogleg å vise fram strukturar det elles kan vere vanskeleg å sette fingeren på. 

— Det er lett å tenke at vi ikkje kan gjere noko med samfunnsutviklinga. Men eg meiner det er beint fram umogleg å gå ut frå denne framsyninga og tenke at det er uunngåeleg at 9 av 10 bønder har forsvunne ut av næringa sidan krigen, seier teatersjefen.

Are Kalvø svarer på livets store spørsmål 

Are Kalvø svarer på dei store spørsmåla i livet, med utgangspunkt i låtane som har lege øvst på VG-lista dei siste tiåra. Her saman med skodespelar Julie Støp Husby. Foto: DNT

Are Kalvø svarer på dei store spørsmåla i livet, med utgangspunkt i låtane som har lege øvst på VG-lista dei siste tiåra. Her saman med skodespelar Julie Støp Husby. Foto: DNT

Teaterhausten rullar vidare med standup med Are Kalvø. I velkjend stil underheld han publikum med massevis av humor og sylskarp satire.

«Toppar VG-lista» med Are Kalvø er ein samproduksjon med Det Norske Teatret og skal på turné med Riksteatret og Teater Vestland. Stykket hadde urpremiere i Oslo 19. august, og turneen i Vestland startar på Sandane 30. september. 

— Nokre vil kanskje meine at samfunnssatiren er daud; at situasjonen i verda er så absurd at komikarar ikkje lenger kan finne på noko som overgår verkelegheita. Men Kalvø har ei eiga evne til å skru på verda. Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen, men på VG-lista? Det er jo ein fantastisk arbeidsteori. Kalvø skal innom politikk, religion, krisehandsaming, kjærleik, hat og vennskap. Alt er basert på ei liste over songar som har det til felles at dei har lege øvst på VG-lista. Det er berre å gle seg, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 

Å snakke med barn om dei store temaa

I november er det premiere på familieframsyininga «Jenta med fyrstikkene», eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen på ei nyttårsaftan og sel fyrstikker. 

H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene“ er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har. I vår versjon inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd, og Miriam Prestøy Lie har regi.

— Eg meiner at barn og vaksne har det same behovet for forteljingar om dei store temaa i livet. Jenta med fyrstikkene er ein udødeleg klassikar, og framsyninga vert ei annleis førjulsoppleving for heile familien, om rettferd og naud og kva det vil seie å vere menneske. Regissør Miriam Prestøy Lie har gjennom ei mengd oppsettingar vist kor god ho er på å ta barns perspektiv, og vi håper at framsyninga kan få i gang samtalar om dei store temaa på dei små sine premissar.

I november kjem vår versjon av H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene”. Vi kallar det “Jenta med fyrstikkene”. Illustrasjon Eva Meier.

I november kjem vår versjon av H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene”. Vi kallar det “Jenta med fyrstikkene”. Illustrasjon Eva Meier.

Heidi Hattestein