Intern humor og lange dagar

 
Foto: Andris Ødegård og Thea Louise Esp

Foto: Andris Ødegård og Thea Louise Esp

Fredag 2. november har framsyninga «Nasjonal prøve» premiere i Trivselshagen på Sandane. Framsyninga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og dramalinja på Firda vidaregåande skule. Skodespelarane Reidun Melvær Berge, Wilhelm Støylen og Vibeke Oskal er med, i tillegg til 12 dramaelevar.

Samarbeidsprosjektet går over eit heilt år, og i løpet av året skal elevane ikkje berre vere skodespelarar. Dei har også lært om dramaturgi, kostyme, lyd, lys og rigging. Dette er ein «mini-teaterskule» i skulen.

Elevane Andris Ødegård (18) og Thea Esp (18) synest det er kjekt å få eit innblikk i alle dei ulike sidene ved ei teaterframsyning:

- Mange gløymer at det ikkje berre er skodespelarane som gjer ein jobb. Det blir faktisk ikkje teater utan alle dei andre som er rundt. Det er viktig lærdom for oss, forklarar Thea Louise.

Ho får støtte av Andris:

- Det må riggast, det skal setjast lys, billettar skal seljast, og så mykje meir. Ein får stor respekt for alle dei som jobbar bak scena, seier han.

- Eg krev mykje av dei

Prosjektet hadde oppstart i januar i år og i løpet av året har dei hatt fleire periodar med prøvar. Regissør Jeff Pedersen seier prosessen har vore annleis, men også lærerik:

- Det er jo litt uvanleg å starte på eit prosjekt i januar og så ha pause frå det i fleire månader for så å ta det opp igjen. Men det som er fint med det, er at det gir elevane tid til å pugge tekst og tolke rollene sine utan det same tidspresset, forklarar Pedersen.

Han seier at elevane har hatt ei stor utvikling frå januar og til no:

- Elevane verkar meir sjølvstendige, modigare og mindre sjenerte no. I praksis betyr dette at dei tek større riskar på scena og er flinkare til å lytte og reagere på kvarandre. Eg krev mykje av dei no, og dei tek regi veldig fort og er opne for forslag, seier han.

Også Andris og Thea kjenner at det har skjedd mykje dei siste månadane:

-Eg merkar at eg er meir bevisst på korleis eg jobbar og har lært meg fleire nye teknikkar. Dessutan trur eg at mykje av den strukturen og disiplinen vi lærer oss no, kan brukast i mange andre jobbsituasjonar også, så dette er verdifullt for alle, forklarar Andris.

Satse som skodespelar

Å vere med på dette prosjektet i tillegg til vanleg skule krev mykje av elevane og det blir fort lange dagar:

-Vi har ofra både haustferie og høgskulebesøk, men det er det verdt. Sjølv så vil eg satse vidare på skodespelaryrket, så denne erfaringa og dette samarbeidet med Sogn og Fjordane Teater er gull verdt, seier Thea.

Andris meiner at det er nettopp dette samarbeidet som gjer dei ekstra skjerpa:

-Eg merkar godt at det ikkje berre er dramaklassen lenger. Det er mange fleire som er avhengige av oss og det er meir seriøst no. Det gjer at vi blir skjerpa, og det er bra for oss, forklarar han.

Intern humor

Men det er ikkje berre for dei personleg at det har skjedd ei utvikling i løpet av året:

-Klassemiljøet har blitt utruleg bra etter dette. Vi er jo saman heile tida, i timevis kvar dag. Vi blir betre kjende og blir på den måten tryggare på kvarandre, forklarar Thea.

Snart skal gjengen turnere med framsyninga i Nordfjord og begge trur at dette kjem til å sveise gjengen enda tettare saman:

-Ja, det blir jo mykje intern humor då. Plutseleg kan vi sitere ting frå manus til venner av oss som ikkje er med i produksjonen. Då ser dei berre dumt på oss, ler dei.

-Å vere på turné blir nok intenst, men klassen vår er ein så fin gjeng å vere saman med, at då går det heilt fint, avsluttar dei.


 
Lene Grande