- Eg er livredd!

 
Oda har nøkkelen til spelet. Privat foto.

Oda har nøkkelen til spelet. Privat foto.

Skodespelar Oda Alisøy har vore med på Kinnaspelet sidan ho var fire år. No tek ho fatt på den største oppgåva så langt.

- Eg er livredd, bryt ho ut.

I år har nemleg Oda regi på sjølvaste Kinnaspelet, eit spel som betyr mykje for ho:

- Eg er jo fylt av ein enorm ærefrykt. Tenk at eg skal få lov å setje mitt preg på spelet som har vore ein del av meg sidan eg vart fødd. Eg håpar verkeleg at aktørane blir med meg på denne reisa med eit ope sinn. Slik kan vi saman skape mykje fint, seier ho.


«Ho er med!»

1990: Oda og Agnete Haaland. Privat foto

1990: Oda og Agnete Haaland. Privat foto

Oda sitt første møte med Kinnaspelet var sommaren 1989. Ho var ikkje gammal nok til å vere med, men hang i skjørtet på mamma Agnes under prøvene. Det var på ei av desse prøvene at regissør Anne Gullestad ville at Agnete Haaland, som spelte Borni, skulle løfte Oda opp i armane sine under ei scene i «spelet i spelet»: - Mamma prøvde å seie at eg eigentleg ikkje var med, men då sa berre Anne: «Ho er med!». Så sånn blei det. Eg likar å tulle med at eg vart «headhunta» til Kinnaspelet av sjølvaste Anne Gullestad, ler Oda.

Nytrekt kaffi, teatersminke og sauebæsj

Store og små samlast på sagaøya Kinn denne eine veka i juni, år etter år. Heilt ytst i havgapet skal dei spele teater for godt over tusen publikummarar:

- Tenk å få lage teater i dei utrulege omgjevnadane. Kinn er rett og slett heilt magisk, og eg har lyst å ta i bruk den naturlege scenografien i endå større grad enn før, seier den ferske Kinnaspelregissøren.

Det er likevel noko som står enda sterkare for ho enn naturen:

- Det er jo folka som er det mest spesielle med Kinnaspelet. Dei som gir av tida si for at vi skal kunne skape noko saman, gamal som ung. Vi blir som ein stor familie, seier ho og held fram:

- Heile barndommen min er eit slags «4D-postkort», sett i scene blant lukta av nytrekt kaffi, teatersminke, sauebæsj, mårpølse og scenerøyk. På øya med den gamle kyrkja, det kløyvde fjellet og det friske, ofte utilreknelege vêret.

1996: Birte Njøsen Horne, Oda Alisøy og Agnete Haaland. Privat foto.

1996: Birte Njøsen Horne, Oda Alisøy og Agnete Haaland. Privat foto.

Det er ingen tvil om at Kinnaspelet betyr mykje for Oda. Nokre av vennane hennar vil påstå litt for mykje:

- Eg har eit veldig sterkt forhold til den dramatiske teksten til Rolf. Nokre vil nok meine at forholdet mitt til «Songen ved det store djup», skriven på godt gammaldags rim, er i sterkaste laget. Men eg tør å påstå at det er noko av det beste «Losnegården» har ført i pennen. Heilt inhabil, sjølvsagt, flirar ho.

Tydelege endringar

Det viktigaste for Oda no er å ha planane heilt klare og at alt er gjennomtenkt ned til siste detalj:

- Eg har ei notatbok på nattbordet, der noterer eg ned alle tankar og idear som kjem til meg om natta. For det er ofte når eg skal sove at kreativiteten er ivrigast i tenesta. Så går eg over dei om morgonen, og nærast kategoriserer dei i prioritert rekkefølge og slikt. For om eg har tydelege tankar om kva eg ynskjer, så blir det lettare for meg å kommunisere dette vidare til dei som skal levandegjere det, forklarar ho.

Det er både fordelar og ulemper ved å ha eit så sterkt forhold til spelet. Etter å ha vore med i nesten 30 år, har Oda sett mange endringar i spelet. No får ho bestemme sjølv:

- Det som er gøy no er at eg kan velje frå øvste hylle. Dei regigrepa som eg sjølv har likt gjennom åra, ja, dei stel eg rått, fortel ho og legg til:

- Eg trur folk kjem til å merke at det er ein ny regissør i år. Det vil bli nokre store, tydelege endringar og andre mindre endringar. Når det gjeld teksten så har eg til dømes gått tilbake til originalmanuset og henta tilbake det som har forsvunne dei seinare åra. Og så er det utruleg viktig for meg å ta vare på alle kjenslene i spelet. Dei store og kraftfulle, og dei vare og såre. Og utan å røpe for mykje, så har eg ei og anna overrasking i ermet, seier ho lurt.

For Oda finst det eit Kinnaspelsitat for dei fleste situasjonar i livet og når ho får spørsmålet på kva for sitat som passer best denne gongen, kjem det kontant:

- Borni sin replikk: «Eg er den som styrer dette spelet» så klart!

 
2015: Oda Alisøy i rolla som Borni. Foto: Sveinung Brandsøy.

2015: Oda Alisøy i rolla som Borni. Foto: Sveinung Brandsøy.

 




 
Lene Grande