Samtale med forfattaren: — Dagens Dukkehjem

Marit Eikemo skriv knakande godt om morderne, norsk kvardagsliv. Foto: Agnete Brun 

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» kretsar rundt eit huskjøp. Sjeldan i teaterets historie har så mange meint så mykje om eit manus; det merkast på teaterets lunsjrom, der diskusjonen går høglydt. 

Vi har tatt ein prat med forfattaren bak boka som no blir teater, Marit Eikemo.

 

— Utgangspunktet for å skrive boka var at eg såg for meg kva som kunne ryste dagens lesarar, slik Dukkehjem gjorde i si tid. Kva er det verste du kan gjere mot den aller næraste, med dagens teknologi, og kanskje i beste meining, spør forfattar Marit Eikemo. 

— Og no blir boka teater, forresten for første gong i forfattarskapen din. 

— Ja, det er veldig stas. Eg er spent. Handlinga går rett inn i verdisynet til folk, og det er kanskje grunnen til at den vekker så sterke reaksjonar. Eg tar ikkje stilling til rett og gale, men prøver å skrive samansette karakterar. Det er lett å sjå at Hanne har gjort feil, men kva med Andreas, er det noko i veremåten hans som framkallar desperate handlingar? 

— Mange kan nok kjenne seg igjen. Under overflata ligg det komisk-absurde observasjonar av samfunnet og tida vi lever i. Er ikkje det ein raud tråd i mykje av det du skriv? 

— Som samtidsforfattar undersøker eg kva det vil seie å vere menneske i dag og kva som ligg til grunn for vala vi tar. Utan at eg veit svara eller ønsker å moralisere. Eg har for eksempel vore opptatt av den enorme tilliten som vi set til husværa vi bur i. Huset skal liksom halde alt på plass for oss, sjølv om alt anna vaklar, og huset skal vise kven vi er.

— Sei litt meir om det!

— På same måte som vi er forventa å gjere ei viss yrkeskarriere, som viser vår suksess som menneske, så skal vi også gjere ei slags bustadkarriere: Komme oss inn på marknaden og gå gradene, auke verdien av investeringane våre og realisere oss som menneske gjennom stadig nye bustadkjøp og oppussingsprosjekt. Det er ikkje rart om vi mistar fotfestet. I dag kan det vere vanskeleg å få auge på andre fellesprosjekt, som gir ei varig kjensle av å høyre til og ein større samanheng i liva våre. Sjølvrealisering er det største livsprosjektet for mange moderne menneske. Med eit slikt utgangspunkt er det vanskelig å bygge noko felles, som fleire kan tru på. Er det ikkje litt komisk i grunn, kor opptatt vi er av å gjere karriere, medan svært få faktisk gjer det? 

— Det manglar litt på realitetsorienteringa, meiner du? 

— Nemleg. Når Hanne og Andreas skal ta stilling til huskjøpet, snakkar dei seg gjennom rom for rom; eit bilde på deira eigne indre rom. Og den vurderinga er alt anna enn gratis og uforpliktande, for å seie det slik.

PLAKATEN: Framsyninga har premiere 28. januar 2022.

Heidi Hattestein