#STILLEFOROPPTAK

stilleforopptak_sladd.jpg
 

Teaternorge markerer #metoo
Nationalteateret søndag 10. desember

I kjølvatnet av den internasjonale kampanjen #metoo har nærare 600 norske skodespelarar, både frilansarar og tilsette ved teater, underteikna eit opprop mot seksuell trakassering på sine arbeidsplassar. Skakande forteljingar har blitt fortalde under emneknaggen #stilleforopptak og sidan har det kome eit skred av liknande opprop i andre bransjar i norsk arbeidsliv. Seksuell trakassering er eit samfunnsproblem.

Søndag 10. desember opnar Nationaltheatret Hovedscenen for #stilleforopptak-oppropet. Arrangementet vert sett i stand i samarbeid med andre norske teaterinstitusjonar, som med dette markerer si støtte til oppropet og #metoo-kampanjen som heilskap.

Teater i heile landet deltek i markeringa som består av norske skodespelarar sine vitnesbyrd, innramma av musikalske innslag og appellar frå ulike samfunnsaktørar.

Gjennom arrangementet ønskjer teatera og kvinnene bak #stilleforopptak å rette fokus mot seksuell trakassering som samfunnsproblem. Kva kan vi som enkeltmenneske og samfunn gjere for å få bukt med dette strukturelle problemet - i alle bransjar og alle delar av samfunnslivet?

Kampanjen #stilleforopptak og eit utval av skodespelarane sine vitnesbyrd om seksuell trakassering og maktmisbruk vart publisert i Aftenposten.

 
Marionn Aas Wie