Teater Vestland tar posisjon som viktig møteplass

 

Repertoarslepp i ein julepynta restaurant Røyst mat & vin i foajeen i Nynorskhuset. Foto: Heidi Hattestein

REPERTOAR 2024: Teater Vestland har planlagt ei brei vifte av framsyningar som kvar på sitt vis utforskar det å vere menneske i verda i dag.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt presenterte repertoaret for 2024 for ein fullsett restaurant i Nynorskhuset i desember.

På YouTube-kanalen vår kan du sjå/høyre videopptak av heile repertoarsleppet:

Det blir komedie, tragedie, romantikk, grøss, drama og spel; eit mangfald av framsyningar som tar opp viktige tema i samfunnet og gir rom for refleksjon.

— Å oppleve ei eller fleire av desse teaterframsyningane saman med andre er å utforske kven vi er, kva for samfunn vi skal ha og kva for menneske vi skal vere - saman. Denne måten å fortelje historier på kan endre måtar vi som menneske ser på oss sjølve i verda, setje liva våre i perspektiv, forundre, overrakse og utfordre oss, og gi oss nye referansar som vi tar med oss ut i den verkelege verda, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 

Årets første framsyning er allereie godt kjent. Tollak til Ingeborg av Tore Renberg har vunne hjarta til publikum og kritikarar over heile landet, og 13.000 har sett framsyninga i løpet av opningshelga i Nynorskhuset i Førde og på turneen med Riksteatret.

— Tollak til Ingeborg er produsert av oss i samarbeid med Riksteatret og i januar er det tid for turné i Vestland. Ver om deg denne eine dagen vi kjem til bygda di, oppfordrar teatersjefen. 

Regien er ved Miriam Prestøy Lie, og ho har også konsept og tekst til årets påskekrim i Nynorskhuset: Belle Gunness - eit drama om kjærleik, giftmord & vaflar.

Dette er ei forteljarframsyning som verkeleg vil få det til å gå kaldt nedover ryggen.

— Den norske utvandrarkvinna Belle Gunness, født Brynhild Paulsdatter Strøseth, vart kjent som ein av tidenes verste seriemordarar. Ho stod bak ei rekke drap på menn ho møtte gjennom kontaktannonser, og i ei spesiell og intim teateroppleving rundt eit bord blir publikum invitert til å ta del i den historiske krimgåta, seier teatersjefen.

True crime-forteljinga blir berre vist rundt påsketider, så her kan det vere lurt å vere om seg.

Våren på Teater Vestland byr på store og viktige spørsmål. Allereie i slutten av januar er det premiere på @Ragnarok08, som passar for alle frå 13 år og oppover.

@Ragnarok08 er regissert av Philip Stengele og utforskar tema rundt Edward Snowden og demokrati. Framsyninga stiller spørsmål om overvåkingssamfunnet, fridom og tillit til myndigheitene, og er eit samarbeid med det nasjonale jubileet Moster2024, som feirar at det er tusen år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster, seier teatersjefen som sjølv er dramatikar og dramaturg.

Framsyninga skal på turné i Den kulturelle skulesekken i Vestland og Oslo, med nokre få opne framsyningar i Førde og Oslo.

Vårens siste produksjon er Alle fantastiske ting av Duncan Macmillan og Jonny Donahoe, ei framsyning som har sjarmert publikum overalt kor den har blitt vist på den vestlige halvkule. Nils Petter Mørland har regi på denne monologen som skal på turné til grendehus i Vestland.

Alle fantastiske ting er rørande og hysterisk morosamt om livets tyngste oppoverbakkar. Duncan Macmillan sine tekstar rommar både humor og alvor, og eg trur at publikum vil gå ut av teatersalen lyse til sinns og med nokre nye tankar om kva som gjer livet verdt å leve, seier teatersjefen.

Fullstendig sommar blir det ikkje før Kinnaspelet har gått av stabelen på øya Kinn, i ein scenografi av blått hav og høg himmel. Fem profesjonelle skodespelarar, 150 amatørar og fleire hundre frivillige har dette som fast høgdepunkt i juni.

— Det blir eit stort kjærleiksdrama når Teater Vestland og Kinnaspelkomiteen inviterer til Noregs nest eldste spel. Rolf Losnegård sin klassikar Songen ved det store djup tar oss tilbake til reformasjonen på 1500-talet, men er skremmande aktuell også i dag. Kor mykje er vi villige til å ofre for trusfridomen? Det er blant spørsmåla vi blir inviterte til å reflektere over, seier teatersjefen som i 2024 har regi saman med Anethe Alsvåg.

Hausten held fram i kjærleikens teikn.

Vi bygenner med endå ei framsyning av Duncan Macmillan: Pusterom, regissert av Jeff Pedersen. Framsyninga skal på turné til grendehus i Vestland, og også her får publikum nyte godt av denne dansen mellom humor og alvor som er så karakteristisk for den britiske dramatikaren.

Pusterom er ei moderne kjærleikshistorie. Vi følgjer eit par frå dei blir kjærestar og gjennom eit heilt liv, og gjennom deira val kan vi også reflektere over våre eigne. Korleis reagerer vi menneske på klimakrisa, og korleis påverkar den oss? I ein serie scener er alt strippa ned, heilt inn på forholdet mellom dei to, servert som ei blanding av stand up, dans og brytekamp, seier teatersjefen.

Det er eit eventyrleg teaterår Lundsholt inviterer til, og også i 2024 held teateret fram tradisjonen med å gjere gamle eventyr aktuelle i vår eiga samtid.

— I Skjønnheita og Udyret gir vi deg ei unik tolking av den tidlause kjærleikshistoria, skreddarsydd for barn som elskar spenning og fantasi. Vi inviterer publikum inn i ei fiksjonsverd der alt kan skje, og det blir spennande, gøy, romantisk, vakkert og også litt skummelt. Vi garanterer historieforteljing på høgt nivå og ein uventa slutt, seier teatersjefen.

Elisabeth Topp har regi på denne familieframsyninga som skal på turné til kulturhus i heile Vestland.

Teater Vestland har som hovudoppdrag å turnere og reiser rundt til cirka 45 spelestader i heile Vestland fylke. I tillegg blir det mykje aktivitet i det nye teaterhuset i Nynorskhuset i Førde.

— Før jul blir det julestemning for dei vaksne når vi inviterer til eit gjensyn med Grevinna & hovmeisteren av John Fiske. I denne versjonen utfordrar vi krenkesamfunnet. Kva kan vi le av i dag, og er den folkekjære klassikaren framleis innanfor? På slutten av framsyninga får du sketsjen slik du kjenner den frå tv-ruta, seier teatersjefen.

Det blir omvisning for store og små i Nynorskfrøet av Idun Losnegård, ei framsyninga som svarar på kvifor Nynorskhuset er akkurat her i Førde.

Det er planlagt eit spennande gjestespel-pogram for våren. På den internasjonale kvinnedagen 8. mars har Den heilage kua - om å føde ein nordmann premiere, ei humoristisk og poetisk forteljing om integrering, barsel og kvinnehelse. Det blir eit nikk til nobelprisvinnar i litteratur, Jon Fosse, i framsyninga Hundemanuskripta. Og Katrine Lunde Mackenzie og Sigbjørn Apeland kjem med So rodde dei fjordan… og langt vidare!.

Gjestespel for hausten vil Teater Vestland sleppe i løpet av våren.

I tillegg startar vi amatørteater for vaksne, og arbeidet med Nynorsk Scenespråksenter held fram.

— Alt i alt har vi planlagt eit år som gjer Teater Vestland til ein viktig møteplass. Her skal publikum bli både rørt og utfordra med aktuelle samfunnstema - og kanskje også ha med seg nokre nye tankar på veg ut igjen av teatersalen, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

 
Heidi Hattestein