Til bords med Belle Gunness

 

I eit mørkt rom, rundt eit svart bord sit eg som den tolvte gjesten i selskapet. Stemninga er uhyggeleg. Men venleg, på same tid. Det luktar vaflar. Vertskapet er kledde i varme strikkekofter. Så byrjar forteljinga, i det kalde skinet frå ei lommelykt. Forteljinga om Brynhild Paulsdotter Størset som drog frå Selbu til Amerika i 1881, og skulle komme til å bli ein av dei mest berykta seriemordarane i landet.

Eg er blitt ein nerd når det gjeld denne historia, fortel regissør Miriam Prestøy Lie. Det byrja i 2001,  ein fridag på turnè i Ål i Hallingal. Eg gjekk innom biblioteket og lånte ei bok eg aldri leverte tilbake, fortel regissør Miriam Prestøy Lie. Eg vart straks fascinert av alle dei uløyste mysteria kring Belle Gunness, og begynte å lese alt eg kunne finne om ho.

Det forundrar meg at historia eigentleg er lite kjent i Norge. I USA derimot finst alt frå adaptasjonar i form av cowboy-romanar med glorete framsider,  til antropologiske studiar om  korleis myten om henne har utvikla seg i eit kjønnsperspektiv. Eg oppdaga ein underskog av ulike typar materiale som gjorde at eg opparbeidde meg stadig meir kunnskap om denne historia. Men jo meir eg leste. jo fleire spørsmål blei det. Dei ulike kjeldene til historia kom med ulike svar. Og eit eller anna sted der i mellom ligg sanninga.

Eg skjønte nok veldig fort at eg ville lage ei framsyning om Belle Gunnes, men eg ville at det skulle være noko anna enn eit klassisk teaterstykke. Eg ville lage ei turnevennlig framsyning, som helst skulle få plass i ein koffert. Og eg ville involvere publikum på ein annan måte. Få dei med meg inn i detektivarbeidet. Det er mange dramaturgiske knutar i forteljinga som må løysast.

Dei dramatiske knutane knyter seg i at forteljinga er samansett og peikar mot fleiremulege tema og motiv. Kvifor drap Belle?  Pengar ser ut til å vere hennar motiv, men kvifor så mange? Kvifor berre menn? Kvifor tok ho vare på alle koffertane deira, eit heilt rom fullt av koffertar hadde ho til slutt. Kvifor kasta ho dei ikkje, slik ho kvitta seg med lika? Så er det utvandrarmotivet, kvifor måtte ho dra? Ville ho dra? Kva drog ho i frå? Etter kvart fann eg fleire forteljingar eg brukar som det eg kallar satelittar i denne framsyninga. Til dømes den svært brutale historia om Stein-Pål og tater-Brynhild, som var slektningar av Belle Gunnes. Bar ho på ei arv av tabu, skam og skuld?

 
Bilde 12.05.2017, 15.01.23.jpg
 

Eg er veldig opptatt av dei fordelane teatret har som eit levande rom. Det er dette som gjer at teatret skil seg frå andre formidlingsformer. Teatret finst ikkje utan publikum!  Å komme så tett på publikum som vi gjør i denne framsyninga er veldig spennande. Ofte har publikum sjølv også noko å fortelje; Om forfedre som utvandra, eller om slektningar som kom tilbake. Dette lagar vi rom for. Og dermed blir framsyninga ulik frå gong til gong.

Eg har jobba fram denne framsyninga gjennom fleire etappar. Under LAB-prosjektet har eg fått mulegheita til å forske vidare i denne intime sjangeren. Eg trur vi kan seie at det vi har gjort i LAB-prosjektet Belle Gunnes er ein ny sjanger, ein sjanger eg vil forske vidare i. Det er så godt å jobbe så enkelt! Nokre fyrstikker, litt jord, eit krit, lommelykt, nokre gamle bilder - og sjølvsagt ei spesielt god forteljing - er alt som skal til for å skape levande teater.

Låven brenn! Den vesle konstruksjonen av fyrstikker brenn ned til grunnen på bordet framom meg. Lommelykta peikar på eit foto på veggen. Eit nytt offer.  Ein ny stein langs kritstreken på det svarte bordet. Mild musikk fyller rommet, vafler blir sette fram, songark blir delte ut. Vi syng, fortel, deltek. Lærer, tenkjer, undrar oss. Kven var du, Belle Gunnes? Kvifor drap du?  

Les meir om lab-prosjekt HER