To Heddapris-nominasjonar til Sogn og Fjordane Teater!

 

To av framsyningane som er produsert ved Sogn og Fjordane Teater er nominert til Heddaprisen, som er den gjevaste prisen ein kan få i teater-Norge.

 
Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

 


Skodespelar Reidun Melvær Berge er nominert til Heddaprisen!

Sogn og Fjordane Teater er særs stolt av skodespelar Reidun Melvær Berge som er nominert i kategorien for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle i framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke».

Framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke» hadde urpremière i Førde 18. januar 2019, der Reidun Melvær Berge spelte hovudrolla som Vibeke. «Alt det lyse og alt det mørke» er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd, utan at nokon grip inn, trass i at alle veit. Det spesielle er at den blir fortald frå barnet sitt perspektiv.

Ein fantastisk scenisk prestasjon

Om nominasjonen til Reidun Melvær Berge i kategorien kvinnelege skodespelar/hovudrolle seier teatersjef Bodil Kvamme at dette er ein fantastisk scenisk prestasjon.

- Dette er ein utruleg rolleprestasjon der vi er med Reidun både fysisk og psykisk når ho spelar dei ulike aldrane frå ei lita jente på 7 år, til ungdomsjenta, til ei ung kvinne og til slutt ei eldre kvinne. Og alt dette gjer ho på ein måte som er både nært, sterkt, engasjerande og vekkjer empati.

- Reidun Melvær Berge har hatt ei formidabel utvikling dei siste åra, og det er imponerande det denne unge skodespelaren på 25 år syner på scena, avsluttar Kvamme stolt.


Om Reidun som Vibeke i «Alt det lyse og alt det mørke»

«Alt det lyse og alt det mørke» vart veldig godt mottatt av publikum i Sogn og Fjordane, og Melvær Berge sin prestasjon vart omtala av fleire teatermeldarar:

«Reidun Melvær Berge er overtydande som den unge jenta… Det er ei krevjande rolle som ho taklar svært godt, og med spelet sitt ber ho heile framsyninga.» - Dag og Tid

«Det er vondt å vere vitne til, men ein glitrande sceneprestasjon i det som må vere hennar mest omfattande og krevjande rolle ved teatret så langt.» - Norsk Shakespearetidsskrift

«Aller størst inntrykk gjer Reidun Melvær Berge i rolla som Vibeke, frå lita jenta til vaksen kvinne. Ein trur slik på ho at ein til tider gløymer at ein sit i ein teatersal» - Scenekunst.no

«Publikum er som lamma, for her held Reidun Melvær Berge, oss i eit jarngrep frå første stund, og hennar angst og fortviling vert følgd av musikk/lys/lydar som varslar stor katastrofe" - Fjordingen


Alt det lyse og alt det mørke er skriven av Brynjulf Jung Tjønn. Dramatisering og regi er ved Miriam Prestøy Lie. Kostymedesignar og scenograf er Dordi Strøm, og musikar Selma Stang har produsert musikken i stykket. Lysdesignar er Krystian Myska.


Engelen frå Kobane er nominert til beste framsyning for ungdom

Framsyninga «Engelen frå Kobane» er nominert i kategorien for beste framsyning for ungdom. Framsyninga er ein samproduksjon med Hordaland Teater, og hadde premiere i Bergen hausten 2018. «Engelen frå Kobane» vart i hovudsak spelt for ungdom i Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og til hausten skal ungdom på fleire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane få sjå denne framsyninga. «Engelen frå Kobane» fekk terningkast 5 både i BT og BA.


Modig kunstnarleg satsing

Teatersjef Bodil Kvamme er veldig stolt av at Sogn og Fjordane Teater, saman med Hordaland Teater, er nominert for denne framsyninga.

- Vi gjorde ei modig kunstnarleg satsing når vi bestemte at vi skulle oppsøke ungdomane der dei er, og at framsyninga skulle spelast på skulane i klasserom, seier Kvamme.

Dei to damene som står bak denne framsyninga vert løfta fram av teatersjefen:

- Regissør Miriam Prestøy Lie har med små verkemiddel klart å lage store effektar, og skodespelar Madalena Sousa Helly-Hansen, som spelar alle desse ulike karakterane i framsyninga, presenterer dette på ein svært nær og engasjerande måte. Resultatet har blitt ei tett og intim framsyning for ungdom, seier teatersjef Kvamme.


«Engelen frå Kobane» skal visast 14.- og 15. juni på Heddadagene i Oslo og har Sogn og Fjordane première 14. oktober. Speleperioden går fram til 9. november.

Foto “Alt det lyse og alt det mørke”: David Zadig
Foto “Engelen frå Kobane”: Thor Brødreskift 

 
Lene Grande