Kinnaspelet 2018

2017 Kinnaspelet framside.jpg
 

Songen ved det store djup

Ein scenografi med blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

«Songen ved det store djup» er eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Norge i 1537. Den kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte i eit bygdesamfunn. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei sjeldan oppleving.

Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er no eit av dei eldste historiske spelta i Noreg, tufta på same historie og same manus. 33 år med 132 famsyningar utan avbrekk og utan avlysing. Berre "Spelet om Helag Olav" på Stiklestad er eldre, med sine 63 år.

Speleperiode: 16.-17. juni på Kinn

Billettsalet startar ca 10. desember.

AV Rolf Losnegård
KOMPONIST Per Janke Jørgensen
REGI Jeff Pedersen
MUSIKALSK ANSVARLEG Harald Dahlstrøm
MUSIKARAR: Harald Dahlstrøm, Rolf Prestø, Adele Halten, Jakob Wyrtz og Arne Hammer


Kinnaspelet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater, medlemsorganisasjonen Kinnaspelet representert ved styreleiar Gustav Johan Nydal og ca 150 amatørar. Les meir om Kinnaspelet her.

 


Medverkande


 
 

Fotogalleri Kinnaspelet 2016

 
 
 

Fotograf: Arne Stubhaug