Fram frå kulissane: Møt teatersjefen!

 
Bodil kvamme.jpg
 
 
 

Dronning Sonja og presidentfrue Mubarak finn plassane sine ved Sfinxen i Kairo. I lyset frå den lave kveldssola rir Peer Gynt inn frå ørkenen på ein kvit arabar. Ein stad i mørkret mellom kulissene smiler Bodil Kvamme, dramaturg for den store finalen i Ibsen-året 2006.

Stilt vatn har djupast grunn, seier vi gjerne. Og forstår kva det betyr. Vi set dei høgt, dei som er slik. Som unngår lyskastarar og overskrifter, men smiler i kulissene over fullført arbeid og gode resultat. Teatersjef Bodil Kvamme kjem i denne kategorien. Lista over kunstnarlege suksessar er lang og imponerande, men det er ingen skrytevegg på kontoret hennar. Der heng berre neste års prosjektskisser.

- Eg har jobba med teater i over 30 år, snust litt på film, og blant anna, utvikla konsept og manus saman med Bentein Baardson for opning- og avslutningsseremoniane for OL på Lillhammer.

Vi er på veg til Bergen saman for å introdusere teatret si dramatisering av ”Fugletribunalet” på nyopninga avLogen scene i sentrum av byen, saman med forfattaren Agnes Ravatn. Bodil fortel eventyrlege historier, frå Kairo, Wien, Berlin. Frå Oslo og Bergen. Frå Lillehammer og Førde. Formidlinga er medrivande, krydra med kraftige gloser og vedunderlege skildringar av kulturbyane ho har budd i.

Som teatersjef har Bodil Kvamme denne vinteren også regi på den svarte komedien ”Fysikarane” som snart har premiere. Vi får høyre meir om arbeidet med stykket, og om tankane bak årets repertoar i teatret. – Det er eg god til, smiler Bodil. Å legge eit, godt repertoar, det er det eg kan aller best!

Denne kvelden er Rom for ord vertsskap, og samtaleleiar Janne Karin Støylen gler seg til eit nært møte og samtale med teatersjefen ved Sogn og Fjordane teater.

Tonefølgje denne kvelden er distriktsmusikar Henri G Eftevand som skal spele Kreutzer og Telemann for solofiolin.


Dato: Onsdag 31. januar
Tid: kl 18:00-18:50
Stad: Førde bibliotek

Arrangementet har fri entrè.