BELLE GUNNESS - PÅSKEKRIM

 

Ei «true crime»-forteljing om tidenes norske seriemordar.

Tidleg om morgonen 27. april 1908 brann ein gard i LaPorte i Indiana/USA ned til grunnen. I oska etter brannen låg leivningane av ei vaksen kvinne og tre små barn. Lika blei raskt identifiserte som norskfødde Belle Gunness og barna hennar, og ved første augekast såg det heilt ut som ein ganske alminneleg tragedie. Heilt til ein nordmann på jakt etter broren sin begynte å grave i jorda.

Den norske utvandrarkvinna Belle Gunness blei kjent som ein av tidenes verste seriemordarar. Historia er både veldokumentert og gåtefull, men meir enn hundre år etter at den sjokkerte ei heil verd, har vi framleis ikkje fått svar på alle spørsmåla. I ei spesiell og intim teateroppleving rundt eit bord blir publikum invitert til å ta del i den historiske krimgåta. 


Lengd: 1,5 time inkl. pause

 

Teatermelding

 

Pressefoto

Foto: Espen Nyttingnes

 
 

- Wikipedia

 
 

Medverkande:

KUNSTNARLEG LAG

Konsept og tekst Miriam Prestøy Lie
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen, Carina Furseth, Idun Losnegård og Miriam Prestøy Lie