DU OG EG OG DEI TO

 
Duogeg_1249x426px.jpg
 
 
 

- ein skilsmissekomedie

Heilt sidan Ann og Anders spleisa Pia og Per, har dei to vennepara hange saman. Dei har reist på sommarferie kvart år, oppdratt borna side om side og kosa seg på middagar hos kvarandre. Dei er lukkelege, borna er lukkelege. Menn over en laurdagsmiddag og eit glas raudvin går bomba av: Per vil skiljast. I fleire år har han gått rundt og vore ulukkeleg. Både Ann og Anders er i sjokk. Det må vere ei misforståing. Midtlivskrise. Lett å rydde opp i, meiner dei. Pia er ikkje som sikker.

Herifrå skyt handlinga fart med komiske, absurde og rørande element. Den tar oss frå skitur i Alpane via mørke swingersklubbar og sykkelpunkteringar til boksetrening og alternativ familieplanlegging. Etter kvart kjem dei ultimate spørsmåla opp: Hvis Ann og Anders ikkje kjende Pia og Per så godt som dei trudde, kjenner dei då kvarandre? Kan det vere at Pia og Per forventar for mykje av kjærleikslivet etter nesten tjue år, eller forventar Ann og Anders for lite? Og kan ein eigentleg slå opp med sine beste venner?

Når denne skilsmissa går på scena, er det til å le seg skakk av.




Teatermelding

Scenekunst.bo

KUNSTNARLEG LAG

Av Marc Svahnström
Originaltittel Veni Vidi Amavi (direkte omsett: Eg kom - eg såg - eg elska)
Omsetjing Tove Bakke
Regissør Philipp Stengele
Visuell konsulent Synnøve Ringdal
Lysdesignar Krystian Myska


MEDVERKANDE

Christine Hope
Idun Losnegård
Torgny Aanderaa
Tore Christian Sævold



Foto: Espen Nyttingnes
Trailer: Scenisk fiksjon as