JOSTEDALSRYPA
– EIN EVENTYRMUSIKAL
Av Maria Tryti Vennerød og Julian Skar
JOSTEDALSRYPA - NY NYNORSK DRAMATIKK
I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?
Eventyrmusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta Rypa ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra. Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.
Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka. Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.
TEATERMELDINGAR JOSTEDALSRYPA
ARTIKLAR
FOTOGALLERI JOSTEDALSRYPA
Plakatfoto David Zadig, illustrasjon Dordi Strøm, grafisk uttrykk Univerket. Pressefoto: David Zadig/ Espen Nyttingnes
KUNSTNARLEG LAG
Dramatikar Maria Tryti Vennerød
Komponist Julian Skar
Regissør Torkil SandsundMusikalsk leiar Kåre Sandvik
Scenograf Tormod Lindgren
Kostyme- og dokkedesignar Dordi Strøm
Lysdesign Krystian Myska
Dukkemakar Kari Noreger
Maskør og parykkmakar Tonje Lie
Koreograf Jon Werede Hope
Dramaturg Bodil Kvamme
Lyd Robert Tomkiewicz
Inspisient Charlotte Prydz Ottesen
Orkester:
Kåre Sandvik
Stig Rennestraum
Matias Monsen
Arne Toivo Sandberg
Miriam Bergset