Juleeventyrkalender

 
2019idun og kyrre jul på teateret.jpg

Kva skjuler det seg bak lukene i teateret sin nye juleeventyrkalender…? 

image00029.jpeg

Tradisjonen med adventskalendrar oppstod i Tyskland for meir enn hundre år sidan. I desember opnar Sogn og Fjordane Teater sin heilt eigne juleeventyrkalender - for først gong i historia. 

 Vi skal ikkje røpe for mykje om kva som skjuler seg bak lukene. Men følgande kan vi slå fast: Borna får både lytte, sjå og delta. 

 Først blir det juleverkstad. Borna får vere med på å lage julepynt som skal dekorere Eventyrrommet i høgtida. Etterpå blir det framsyning. Teateret sine skodespelarar les eventyr, fortel historier og syng meir og mindre kjende julesongar. Juleverkstaden varer i cirka 30 minutt - framsyninga i cirka 35 minutt. 

 Bli med teateret og kort ned den uendelege ventetida!

Barnehagar kan bestille billettar til dagframsyningane på marknad@softeater.no

 
ArkivLene Grandejul, 2019