Per Sivle - Lurleik

 

Gjestespel i Teatersalen

2019 Per Sivle _Jens Brekke.png

På sveiptur med ”Fantefolk”
og programmet ”Lurleik”

Dette er ei førestilling som gjeld utelukkande om Per Sivle sitt liv, oppvekst og dikting. Jens les dikt, fortel om Sivle og fortel Vossastubbar, som blir krydra med musikk og song.

Det er 10 dikt av Per Sivle som er hovudingrediensane i ovanfor nemnde førestilling.

«Fantefolk» hadde premiere på dette programmet på Sivlegard, Sivle sin barndomsheim på Stalheim i mai i 2019. Då var det fullt hus i låven og dei fekk flott avisomtale.


Gruppa Fantefolk, består av desse musikarane:

 Jens Brekke, forteljar, frå Vik i Sogn:  Kjend som den beste Sivlekjennaren her i landet.

Kari Finne Sognnæs, song  (frå Voss ): Best kjend som folkesongmusikar,( kveing) utdanna ved Ole Bull akademiet ,og underviser i periodar der.

Irene Tillung, accordion, (frå Voss,) utdanna ved Norges musikkhøgskule og Dansk kongeleg konservatorium. Ho er også komponist (sjå Nrk program i år og neste år, livet til Gerhardsen).

 Kåre Nytun, gitar:  Han er opphavet til gruppa ”Fantefolk”  og programmet «Lurleik». Opphaveleg frå Ørsta på Sunnmøre, men har budd på Voss i mange år og reknar seg som Vossing. Har spela i mange band, dansemusikk ,folkemusikk ,Jazz med meir. Er også opphavet til blant anna  «Jazzfestivalen på Skei i Jølster», (Jazz på Jølst).

 Anders Brekke, kontrabass, frå Vik i Sogn : Han er utdanna kantor ved høgskulen i Trondheim, er også ein flink pianist og bassist.


Framsyninga varer i 1 time og 15 minutt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane teater, Sogn og Fjordane mållag og Førde mållag.