REGISSØRUTLYSING

 
 
 

Nye dogmereglar er på plass - er du regissøren vi leitar etter?

Teater Vestland inviterer regissørar til å søke med unikt konsept for intimscena vår med premiere hausten 2022.

Merk deg ordet «dogmeteater». Det er eit ord du kjem til å støyte på både titt og ofte her på Teater Vestland i åra som kjem. Eit kunstnarleg lag beståande av seks personar har sett seg ned og komme fram til fem dogmereglar, og desse dogmereglane vil danne utgangspunkt for repertoaret på intimscena vår, også kalla Blackboxen.

Du kan lese meir om dogmereglane nedanfor, men først ein liten presentasjon av teateret og tankane bak konseptet.

Teater Vestland er landets største regionteateret som turnerer i nynorsk språkdrakt. I 43 år har vi reist på kryss og tvers i fylket med svært ulike format. Den mest eksklusive scena vår er Blackboxen med plass til drygt 60 publikummarar. Blackboxen kan setjast opp midt på golvet i eit samfunnshus, ein idrettshall eller på ei kulturhusscene, og her har vi gjort nokre av dei mest eksperimentelle framsyningane våre dei siste åra.

I Blackboxen jobbar regissøren saman med skodespelarane i eit nedstrippa format, og dei tar i bruk det som allereie finst på huset for å skape eit visuelt uttrykk. Eit av dogma vi allereie har prøvd ut med hell på denne scena, er at regissøren jobbar utan scenograf med fokus på tekst og skodespelarar. No tar vi dogmeteateret endå eit hakk vidare.

Kva tekst kan du som regissør ta utgangspunkt i? Overrask oss! Det kan vere eit ferdig manus frå eit teaterforlag, for eksempel Colombine, Nordiska eller Songbird. Du kan jobbe “devised”, velje ein klassikar, materiale som har falle i det fri eller ta utgangspunkt i mytar og eventyr. 

Vi har ikkje budsjettert med å kjøpe rettar til dramatisering av ei bok som ikkje har falle i det fri, men det er rom i budsjettet for å omsetje manus til nynorsk. 

Du kan sende inn meir enn eitt forslag.

Vi håper at du som regissør vil søke med eit unikt konsept som passar inn i repertoaret vårt, og vi gler oss til å høyre frå deg!

Dogme:

1: Maks lengde på framsyninga er 1 time og 45 minutt.
2: Maks 5 skodespelarar.
3: Ver kreativ og ta i bruk kostyme og rekvisittar frå scenografilageret.
4: Velg éin som blir med deg i kunstnarleg lag. Regissøren er ansvarleg for heilskapleg visuelt konsept.
5: Nynorsk scenespråk skal nyttast. Teater Vestland speler på nynorsk og vestnorske dialekter.

Andre rammer:

• Regissøren vel sjølv korleis publikumsoppsettet i Blackboxen skal vere; klassisk scene/sal på kortvegg eller langvegg, med publikum på to eller fire sider.
• Blackboxen kan målast i kva farge som helst.
• Forutan gjenbruk av materiell frå teaterets lager må alt av rekvisittar og kostyme kunne kjøpast innanfor eit budsjett på 60.000 kroner.
• Regissøren skal bruke lysdesignar ved Teater Vestland.
• Maks tal publikummarar i Blackboxen er 68, og det er eit krav at framsyninga rommar desse.
• Mål på blackbox:
Innvendig: 6x11 meter. Utvendig: ca 9x14 meter
• Mål på speleområde i blackbox:
Kortside: 6 m brei x 5 m djup
Langside: 11 m brei x 3 m djup

Datoar:

• Søknadsfrist er 22. mars 2021.
• Rammemøte finn stad i veke 23 (juni 2021), skissemøte i august 2021 og modellmøte i november 2021.
• Prøveperioden er frå 1. august til 14. september 2022.
• Premieren er 15. september 2022.

Kunstnarleg råd vil lese gjennom alle søknadene, og utvalde prosjekt vil bli inviterte inn til samtale i mai 2021.

Kunstnarleg råd består av: Kyrre Eikås Ottersen (fast skodespelar, Teater Vestland), Idun Losnegård (fast skodespelar, Teater Vestland), Krystian Myska (lysdesignar, Teater Vestland), Miriam Prestøy Lie (dramaturg, Teater Vestland), Njål Mjøs (dramaturg, Nationaltheatret) og Cecilie Grydeland Lundsholt (teatersjef, Teater Vestland).