Skomakarens draum

Skomakarens-draum_topp.jpg

Gjestespel frå Hordaland teater

 

Skomakaren skal til å reparere den aller siste skoen før han avsluttar arbeidsdagen. Det er ein ballettsko han skal i gang med. Brått er ikkje skoen berre ein sko lenger. Ei ballerina trer fram, og etter kvart dukkar fleire sko opp. Også dei blir til ulike figurar; ein gatemusikar, ein sirkusdirektør og andre som arbeider på sirkuset. Det oppstår spenning når sirkusdirektøren ønskjer å få ballerinaen til å opptre ved hans sirkus. Ho vil nemleg aller helst danse når gatemusikaren speler.

Dette er ei klassisk, fin figurteaterframsyning der det oppstår ulike kjensler og dramatikk - alt formidla utan ord, i eit poetisk og vakkert formspråk.

På grunn av at framsyninga er ordlaust passar det på tvers av språk og kulturar. Vi har gode erfaringar i å spele slike små figurteaterframsyningar for barn som kanskje ikkje har sett teater før. Dette kan gje ein fin introduksjon til teaterkunsten.

Scenografien er i vintage, klassisk stil. Framsyninga er utvikla av Ljudmil Nikolov ved Hordaland Teater. Ljudmil har trollbunde mange barn med sine fine poetiske framsyningar i figurteater gjennom snart 27 år på Hordaland Teater og før det i mange år ved teatre i heimlandet Bulgaria.

Produsert på Hordaland Teater 2017

Framsyninga har fått gode kritikkar i pressa:
«Ljudmil gir sitt publikum figurteaterkunst. Det er ordløst og visuelt. Detaljert og enkelt — og teknisk avansert» 
Barn i Byen (Les heile meldinga her)

«I vendingen mellom det interessante mørke i det drømmende lyset ligger styrken i Skomakarens draum»
Bergensavisen

AV Ljudmil Nikolov
KUNSTNARLEG RÅDGJEVAR Ivar Tindberg
SCENOGRAFI DOKKEMAKAR OG DOKKEINSTRUKTØR Ljudmil Nikolov
DOKKEMAKAR (BALLERINA) Teater Stara Zagora (Bulgaria) Zhivko Kanev
MED Ljudmil Nikolov
AVVIKLING/ HJELP PÅ SCENEA Kristian Børve
ENKELTE MUSIKKUTDRAG Jostein Stalhei

 
 
 

             Foto: Tor Erik H. Mathiesen