Teaterfestivalen i Fjaler

 

Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med knappe 3000 innbyggjarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her. Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.

Programmeringa på festivalen har ei tematisk overbygning, og det vert lagt vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Teaterfestivalen i Fjaler presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, og inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet.

Tema for festivalen i 2019 er "Motmakt/Avmakt", Teaterfestivalen i Fjaler legg vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leitar heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar.

Les heile årets program og bestill billettar HER

Sogn og Fjordane Teater har vore med sidan starten, og bidreg kvart år med ei mengd tonn utsyr med alt frå trosserigg, lys, amfi, stolar, teknikarar, framsyningar med meir.

På Teaterfestivalen 2019 bidreg Sogn og Fjordane Teater med:

12. september kl 17.00 Engelen frå Kobane
12. september kl 20.00 Linda Eide - Oppdrag Mottro
13. september (Skule) Geitejazz
15. september kl 15.00 Vinje, vår mann