Teaterskulen: Teams

 

Kvar dag er same greia. Stå opp og gå inn på teams. Sjå læraren prate, late som om ein er engasjert og gjere oppgåver. Sidan skulen stengde har eg sett klassen og venene mine gjennom ein skjerm. Drit kjedeleg!

Frå mars 2020 til våren 2022 snudde koronaviruset om på kvardagen til ungdomane våre. Dei fekk mellom anna beskjed om å isolere seg heime og å utføre skule- og fritidsundervising gjennom kommunikasjonsplattforma Microsoft Teams. I denne devised-baserte produksjonen har elevane Teaterskulen i Førde notert ned og reflektert rundt tankane sine om denne perioden i livet.

Kvifor må vi sitte bak ein liten skjerm og snakke? Det er kjenslevart, vondt, usosialt og trist. Eg vil klemme, ikkje ringe. Eg vil stå fjes mot fjes, ikkje skjerm mot skjerm! Ja, vi skal ikkje bli smitta, men det er meir kos å vere smitta saman enn å vere frisk åleine.

Framsyninga «Teams» er resultatet av ein fem månader lang prosess med utforsking. I ettertanke etter to år med landeplaga covid-19 skildrar stykket mellom anna fritidsinteresser som ungdomane ikkje fekk vere med på, vener dei ikkje fekk møtt og eit perspektiv på dataverdas verknad på kvardagen. Framsyninga er utarbeidd gjennom improvisasjon av eit tekstleg og fysisk materiale.


KUNSTNARLEG LAG

Idé, regi, manus, scenografi & koreografi Beth Ramfjord

Lysdesign Krystian Myska

Lyd/teknikk Robert Tomkiewicz

Lysansvarleg/assistent Ingrid Elise Eide

Grafisk design Tone Aarflot Løtuft

Skodespelarar: Jasmin Amelia Førde | Maja Wilhelmsen Solheim | Aisha Nurdeen | Snorre Sørheim | Emma Skudal Sunde | Amalie Heggheim Aamot | Margrete Slåtten | Hedda Solvåg Varøystrand | Ina-marie Farsund-Gjerde | Emma Vårdal Skrøppa | Mia Viken | Tuva Birgitte Horstad | William Tetlie


Elevane ved Teaterskulen i Førde består av 13 ungdomar i alderen 11-17 år frå heile Sunnfjord kommune. I løpet av knappe fem månadar våren 2022, har dei jobba hardt som forfattarar og skodespelarar i dette devised-produserte stykket. Samstundes har dei som dei fleste andre denne våren måtte stå i koronaviruset sine sjukdoms-utfordringar.


Framsyninga er produsert av: Vestlandske teatersenter i samarbeid med Teater Vestland