Are Kalvø Toppar VG-lista

 
 
 
 
 

Are Kalvø
TOPPAR VG-LISTA

Om popmusikken og meininga med livet.

 

Film produsert av Riksteatret

 

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

 

Filma podcast

Høyr Are Kalvø i samtale med Heidi Hattestein om «Toppar VG-lista», eit show om popmusikken og meininga med livet.

Produsert av Rakkar as, Teater Vestland

 

Teatermelding, Dagsavisen

Kan ein lære noko om livet av popmusikken? Are Kalvø trur det!

Av Ida Michaelsen, Det Norske Teatret
LES MEIR




Framsyningsfoto

Foto: Magnus Skrede, Det Norske Teatret

 

KUNSTNARLEG LAG

Av Are Kalvø
Regissør Erik Ulfsby
Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad
Lysdesignar Per Willy Horn
Dramaturg Ingrid Weme Nilsen

Medverkande
Skodespelar Are Kalvø
Benedicte Søreng
Musikar Ståle Sletner




Are Kalvø Toppar VG-lista er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.