Lars Sørbø

Lars har hatt ei lang og allsidig karriere innan teater, film og TV. Han har hatt roller ved dei store institusjonsteatera, Den Nationale Scene, Riksteateret, Agder Teater og Det Norske Teateret og vore produsent ved oppsetjingar ved sitt eige teater, teater Buffo.

Frå TV er han kjent frå mellom anna Fox Grønland, Kodenavn Hunter og Hotel Cæsar. Innanfor norsk dubbing er Lars Sørbø eit kjent namn, for eksempel frå fleire Disney-produksjonar.

Han har vore engasjert ved SoFt fleire gonger, i My fair lady goes Sogn og Fjordane (2013), i Norge.Nett.No (2014) og dei to siste åra som danskefuten i Kinnaspelet.

 

Gasta Design