Oda Kirkebø Nyfløtt

 
 
Oda_37_BW.jpg
 
 

Nyfløtt er skodespelar og scenekunstnar frå Førde, og vart uteksaminert frå École Internationale de Théâtre Jacques Lecoq i Paris i 2013.

Ho er Med-grunnleggjar av teaterkompaniet the Krumple, som så langt har produsert tre framsyningar; Go to Sleep, Goddamnit!, Do Not Feed the Trolls og YŌKAI. Med desse har ho så langt turnert i Noreg, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Danmark og USA. I 2016 gjesta dei Sogn og Fjordane Teater med "Do not Feed the Trolls".

I 2014 hadde Nyfløtt hovudrolla i Alice in Wonderland med det franske kompaniet Les Anthropologues, og heime i Noreg har ho m.a. jobba med scenekunstnarane Marie Nikazm og Fredrik Floen på Kongsemnerne i 2015, samt med Jostein Avdem Fretland og Miriam Prestøy Lie i Gjesmearkivet i 2018. 

Vinnar av les Plateaux du Groupe Geste(s) i 2016, med forestillinga YŌKAI.