Alle kjenner ei mor - ta med deg ei på teater!

 

I Mødrevariasjonar av Lene Therese Teigen fyller fire skodespelarar seksten roller. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Mødrene deira dukkar også opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Til saman får vi seksten variasjonar over det å vere mor - med vestlandsblikk.

Ensemblet i Mødrevariasjonar. Foto: Heidi Hattestein

På scena i Mødrevariasjonar står - frå venstre i bildet - Katrine Lunde Mackenzie, Oda Alisøy, Idun Losnegård og Carina Furseth. Éi av dei er nett blitt mor, éi er ikkje mor og dei to hine har ikkje så reint lite erfaring.

Vi møter dei fire skodespelarane på scenekanten for ein prat om kva morskap er for dei. Det blir også ein prat om korleis det er å vere mor i denne bransjen vår.

Idun Losnegård saman med den eldste dottera. Foto: Privat

Truleg finst det like mange mødrevariasjonar som det finst mødrer. Det er noko djupt personleg og eksistensielt med mor, på godt og vondt.

— Eg stritta lenge imot å bli mor, seier Idun Losnegård. Ho budde i London, der ho hadde utdanna seg til skodespelar. I dag er ho mor til to døtrer som nærmar seg tenåra.

— Eg må vel innrømme at eg syntest mødrer var teite og usjarmerande, og eg hadde mange tankar rundt morsrolla då eg etter kvart vart gravid. Hos oss skulle det ikkje vere slik at far kom heim og leika med ungane, nei, eg skulle vere ei gøy mor! No veit eg at det kan vere ganske hardt å vere ei gøy mor.

Alle ler innforstått. Det er godt å sleppe ned skuldrene og le litt. Det er eit kjenslevart tema vi har føre oss.

— Sjå på meg, her sit eg i einhjørningstøflar og skal snakke om det å vere mor, seier Carina Furseth. Ho er den yngste på scena og har ikkje barn. Snarare drar ho linjene bakover til si eiga mor, slik generasjonanes gang er.

Carina Furseth på tur med mammaen sin. Foto: Privat

— Eg tenkte på det her om dagen. Mamma er den einaste eg ser på som berre mamma. Alle andre er først og fremst dei menneska dei er, venner og familiemedlemmer. Eg veit at dei er mødrer altså, det er ikkje det, men det er meir at rekkevidda av det å vere mor går opp for meg, ikkje minst i arbeidet med dette stykket. Eg innser kor mykje dei har måtta utvide seg som menneske. Å vere mor er eit heilt liv berre det. Ein er hundre prosent mamma - og i tillegg så mykje meir. For eksempel min venn eller slektning.

— Den vil eg gjerne henge meg på, seier Losnegård.

— No når eg er mor, klarer eg ikkje å forestille meg at eg lever i London utan barn. Det kunne like gjerne vore på 1800-talet eller i 2054, det følest ikkje som meg. Det er liksom inga dør mellom dei to liva.

Losnegård fortel at ho fekk eit endå nærare forhold til si eiga mor då ho sjølv vart mamma.

— For ei dame! Eg tenker ofte «kva ville mamma gjort i denne situasjonen?».

Alle dei fire skodespelarane har mødrer som framleis lever. «No one ever really dies» er det eit N.E.R.D.-album som heiter, med bilde av ei tunge som geiper. Platecoveret sender tankane til dei som ikkje lenger er her. Så lenge ein person blir hugsa av nokon, finst det framleis ein flik av den personen, og slik sett kan ein kanskje tillate seg å tenke at døden ikkje er heilt absolutt.

— Mødrevariasjonar er eit stykke for alle som har ei mamma, kjenner ei mamma, likar ei mamma, er mamma, saknar ei mamma, vil bli mamma. For folk eigentleg, seier Katrine Lunde Mackenzie. Ho har sjølv to barn, begge vaksne.

— For meg er morskap omsorg, opphav, tryggleik, kjærleik, varme. Sjølv om eg som mor kanskje ikkje alltid har klart å leve heilt opp til innhaldet i desse orda, seier ho.

Lunde Mackenzie vaks opp som dotter av ein kjent feminist og stortingspolitikar, Kjellbjørg Lunde.

Katrine Lunde Mackenzie saman med storesøstera si og mamma Kjellbjørg Lunde. Foto: Privat

— Då mor mi fekk ungar, valde ho å ta eit større samfunnsansvar. Ho engasjerte seg ut over familien og den tradisjonelle morsrolla, i politiske verv både i kommunestyre og på stortinget. Ho ville skape ei betre verd gjennom å jobbe for kvinners rettar. Det er jo andre tider no, og vi kjenner oss jo likestilte, men det er gjerne slik at ein får eit anna syn på likestilling når ein blir mor også i våre dagar. Før det føler ein at ein står heilt likt med menn, men så skjer det noko. Det er det fleire grunnar til, sjølvsagt, seier ho og held fram:

— Nokon må ta jobben, og det gjorde mor mi. Ho var veldig til stades som omsorgsperson når ho var heime, men ho var også mykje vekke med jobben. Eg tenkte at det skulle i alle fall ikkje eg vere. Men så har eg jo vore vekke frå heimen innimellom eg òg då, som turnerande skodespelar. Heldigvis for oss begge har ungane våre fantastiske fedre!

Idun Losnegård på jobb saman med den yngste dottera si. Foto: Privat

Det er noko med tida vi lever i, samtykker dei andre.

— Eg hugsar då minste dottera mi var 2-3 år. Eg var programleiar for 17. mai-feiringa i Stongfjorden, og mannen min Jeff heldt 17. mai-tale, seier Losnegård.

— Då påpeikte mor mi at på den tida ho hadde små ungar, så sa dei frå seg slike oppgåver. I dag skal vi liksom rekke over alt.

— Ja, det er ein grunn til at folk blir slitne, svarer dei andre.

Oda Alisøy på trilletur med sonen sin. Foto: Privat

Oda Alisøy kjenner seg att. Det er berre eit par år sidan ho vart mor for første gong.

— Lenge tenkte eg at eg ikkje skulle ha barn. Eg hadde berre eitt mål for auge; ein karriere som skodespelar, og eg var veldig komfortabel med å vere ho kule tanta som hadde masse energi til tøys og tull.

Og tante skal ein ikkje kimse av, det er dei alle einige om. Heller ikkje andre slektningar, vener over generasjonane og den «utvida landsbyen». Dei gir barna andre ting og lærdom som foreldra ikkje kan gi dei.

— Så dukka denne fyren opp, fortel Alisøy vidare.

— Eg ville ha han, og han ville ha barn. Eg hadde begynt å få fotfeste som skodespelar og var oppriktig redd for at alt berre skulle forsvinne mens eg var ute i permisjon. Eg hadde eit hårete mål om både å ha regi på Kinnaspelet og å gifte meg, og det mens Elliot var berre fire månader gammal. Takk og lov for at koronaen sette ein stoppar for den planen, får eg vel seie.

Både Kinnaspelet og bryllaupet var utsett i eitt år. Då Oda endeleg kunne feire bryllaup på den naturskjønne øya, var det heilt utan hormonelle katastrofar, og sonen kunne gå.

Oda Alisøy på jobb saman med sonen sin. Foto: Privat

Å bli mor i scenekunstbransjen er kanskje litt annleis enn i mange andre yrke. Kroppen er verktøyet til ein skodespelar, men som mor er den også ein stasjon for mat, tilknyting og overleving. Det same gjeld for far, men biologien er no ein gong slik innretta slik at mor står i ei særstilling den første tida. Det er ikkje til å komme ifrå.

«Alle» kvinnelege skodespelarar som har valt å bli mødrer, har historier om å spele med barnet på armen og å amme i plenum. «The show must go on», som det heiter på dårleg nynorsk.

— Når dramatikar og regissør Lene Therese Teigen fortel at japanske skodespelarar ikkje får barn, seier det mykje i forhold til dei vala vi må ta i denne bransjen. Sjølv om det er større forståing for desse tinga i Norge, også samanlikna med fleire andre europeiske land, så er det eit stort val å få barn eller ikkje, seier Losnegård.

Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar på bestilling frå Teater Vestland, og ho har også regi. Sjølv har ho to vaksne barn.

— I dramatikken er «mor» ofte avgrensa til ein funksjon. Det som er gøy med dette persongalleriet, er at alle har tredimensjonale liv. Mødrevariasjonar handlar om nokon som bur her, og som er vanlege. Karakterane har vidt forskjellige grunnar til å få - og ikkje å få - barn, seier Teigen.

— Prosjektet mitt er som alltid å skape interessante roller for kvinner. Roller som ikkje berre er mor eller kjæraste, men heller ikkje berre verdsberømt kvinne eller administrerande direktør - og i andre enden av skalaen - grovt misbrukt eller i grøfta, seier ho og held fram:

— Blant fire førstegongsfødande er to høgt utdanna, éi utdannar seg etter kvart og éi prøver å lausrive seg frå ei emosjonelt invaderande mor. Eg ønsker å vise at variasjonar finst, og at det er ok. Det handlar om livsvariasjonar like mykje som mødrevariasjonar, og slik sett ekskluderer det ingen, verken menn eller barnlause, seier Teigen.

Mødrevariasjonar er ei leiken forteljing som rommar både vemod og glede, strikking og barnevogner. Publikum vil få assosiasjonar til eigne liv og erfaringar, utan at det blir for krevjande. Korleis vere mor, korleis takle eiga mor og korleis ha samvit til ikkje å bli mor?

Stykket har urpremiere 24. februar og skal på turné til kulturhus i Vestland fram til 18. mars. Vel møtt!

Lene Therese Teigen med eldste dottera. Foto: Privat

 
Heidi Hattestein