Etterord: Meir om mødrer

 

Lene Therese Teigen er ein anerkjend dramatikar og regissør gjennom meir enn tjue år. No har ho skapt Mødrevariasjonar på bestilling for Teater Vestland, og det har blitt eit verk om mødre for samtida - med vestlandsblikk.

I denne saka kan du lese etterordet til sceneteksten, ført i pennen av dramatikaren sjølv.

Foto frå framsyninga: Espen Nyttingnes

Så blei det ein tekst om mødrer att. Med Mater Nexus (Transit Forlag 2021) – «Mor samanheng», som det enkelt kan tyde, hadde eg allereie i 2001 premiere på eit skodespel som kretsa omkring moderskap, om å ønskje seg eller ikkje ønskje seg barn, og om kva det kan ha å seie for korleis livet blir. Der hadde eg òg skildra to ulike fødselserfaringar – frå moras side, må vite: ein så kalla normal fødsel og eit keisarsnitt. Filosof Ingeborg W. Owesen skreiv ein programartikkel den gongen der det sto at eg var modig som skreiv om fødselserfaringar, at det nesten ikkje var mogleg å finne slike tekstar i samtida. No er det heilt annleis. Mange forfattarar tematiserer fødeopplevingar både i skjønnlitterære tekstar og i biografiske og filosofiske tekstar. Kor som er, då teatersjef Cecilie Lundsholt på Teater Vestland spurde meg om eg ville skrive eit nytt skodespel som skulle handle om mødrer og moderskap, kunne eg ikkje anna enn å takke ja. Det er jo sjølve livets byrjing det handlar om.

FLEIRSTEMT

Owesen hadde òg eit anna poeng i programartikkelen sin. Ho meinte at Mater Nexus skulle kallast ein polylog. «Mens en monolog er en enetale og dialog en samtale mellom to, betegner ‘polylog’ en talehandling bestående av flere stemmer», skriv ho og refererer blant anna til teoretikarane Derrida og Kristeva. I stykket Mater Nexus var det ni likeverdige personar som alle fekk komme omtrent like mykje til orde med sine sanningar og livserfaringar. Det å vere fokusert på at det ikkje finst ein hovudkarakter kan kanskje stamme frå ei grunnleggjande erfaring om at vi er meir enn ein. Eg har, som dei som har lese andre skodespel eg har skrive vil vite, aldri ein hovudperson; det er alltid fleire likeverdige karakterer i tekstane eg skriv for scena. Programartikkelen av Owesen sluttar med at ho foreslår at dei ni kvinnene i Mater Nexus òg kan vere dei ni stemmene til ei kvinne.

Kan hende, sjølv om sceneteksten ikkje blei skriven med det i tankane. Eg har mange gonger uttrykt at vi må høyre fleire stemmer og sanningar, for det finst ikkje hovudpersonar i livet. Alternativt: Alle er vi hovudpersonar i vårt eige liv. Eg har halde fast i denne tanken, og ikkje konstruert skodespel der historia til ein person (hovudpersonen) skaper eit sentrum, slik at alle andre karakterar og situasjonar bidrar til å forsterke forteljinga til den eine. Eg har heller konsentrert meg om å bruke mi evne til konstruksjon når det gjeld det dramaturgiske, musikalske og visuelle.

TOEINE

Då eg gjekk i gang med å skrive Mødrevariasjonar kom eg over boka Jag är himmel och hav (Volante, 2022) av filosofen Jonna Bornemark. Boka har undertittel «en filosofisk undersö kning av graviditet, liv och jagets grä nser». Eit av hovudpoenga til Bornemark er at vi har godteke ei haldning der det er individet som er utgangspunkt for refleksjonar om det å vere i verda, mens ho meiner at som gravid kvinne opplever ein å vere to, eller toeine, som du òg kan kalle det. Å reflektere over denne erfaringa kan så leis føre til heilt andre må ter å tenkje om relasjoner mellom menneske, ja, om livet i det heile. Å tenkje at livet byrjar med fødselen og at kroppar er åtskilde frå kvarandre, er ein tenkjemåte som tar utgangspunkt i at liv er noko som finst i det enkelte individet, og ikkje er noko som held oss saman. Bornemark skriv: «Den gravida kvinnan kontrollerar sin kropp och samtidigt inte, hon är passiv och aktiv på samma gång, hon möter både liv och död. Hon är en och samtidigt två. Det är en erfarenhet som inte har fått ta plats i filosofin, den västerländska filosofen har typiskt inte varit en kvinna, än mindre en gravid kvinna.»

Ho meiner at graviditet er ei erfaring som kan gje oss andre forståingar om kva liv er, og om kva slags relasjon vi har til andre menneske og levande skapnader. I dette perspektivet kan ein òg seie at om vi skal ta utfordringar som klima og kriser i verda på alvor, så kan det hende at å tenkje annleis om individ og fellesskap ikkje er så dumt.

EIT KVINNE-UNIVERS

I Mødrevariasjonar har eg hatt gleda av å skape ei verd med mange kvinner i mange aldrar. Vi følgjer mange graviditetar, og vi møter kvinner frå forskjellige generasjonar med forskjellige idear om kva det vil seie å vere kvinne i verda. Eg har lese mykje litteratur i samband med denne skrivinga. For på same måten som eg meiner at det å være kvinne ikkje er det same som å vere spesialist på feminisme, så er ein heller ikkje ekspert på moderskap berre fordi ein er dotter, mor og/ eller stemor. Det hender framleis at eg ser at folk uttalar seg som om dei har peiling på for eksempel feminisme, utan å ha orientert seg i tenkninga rundt feminisme. Dette heng sjølvsagt saman med ein nedvurdering av feminisme som ei teoretisk eller filosofisk retning. Likeeins har eg tenkt at eg ikkje skal skrive variasjonar over moderskap utan å gjere research. Det finst ei mengd litteratur på området. Mange treng råd om korleis ein skal vere i verda som mor, korleis ein skal takle eiga mor, eller om korleis ein skal ha samvet til å ikkje bli mor.

Det finst òg ei mengd variantar av bøker med titlar som «Mothers who can’t love», ikkje minst utgjevne i USA. Men for meg blei det skandinaviske bøker som hadde mest relevans. Ei av bøkene som gjorde stort inntrykk var Fødselsdag (Gyldendal, 2021) av Ida Jackson. Ho lèt oss på meisterleg vis kome på innsida av eigne erfaringar: Ikkje noko er for intimt til ikkje å bli delt i dette verket, om erfaringa hennar som fyrstegongs- fødande.

Dette handlar om kropp og sinn, og det er ikkje fritt for at det er ei sterk kroppsleg erfaring berre å lese boka. No er det mange som skriv om endringane det å få barn gjer med liv og relasjonar, Ida Jackson er berre så utruleg tydeleg. Ho formidlar med ein velkomen råskap at fødeerfaringar og barselerfaringar er så omveltande at heile livet må reforhandlast, ikkje berre med deg sjølv, men òg med samfunnet rundt. Sjølvsagt kan ikkje ein scenetekst som skal framførast på eit par timar romme alle moglege variasjonar over moderskap, her har eg tatt val. Vala er dessutan prega av at teksten er skriven for eit spesielt teater, Teater Vestland, og at urframføringa skal på turné rundt i det store fylket.

EIN ER FLEIRE

Som med sceneteksten Tiden uten bøker (Transit, 2018, urpremiere 2020) er òg Mødrevariasjonar skrive med tanke på at skodespelarane skal spele fleire personar. Dei skal alle veksle mellom å vere mødrer, døtrer, bestaer, tanter, systrer eller kjærastar. Det krev skodespelarteknikk på høgt nivå, og arbeidet med å skulle leve seg inn i og veksle mellom dei forskjellige personane kan bli både morosamt og utfordrande. Sjølve prøveprosessen vil tene på dette spelperspektivet, eg meiner at det blant anna kan opne opp for ei leiken og ujålete framføring. Med tanke på ein forteljestruktur som ikkje har fokus på hovudpersonar, blir det sjølvsagt òg interessant å tenkje seg at kvar skodespelar må forsvare ulike karakterars perspektiv i den veven av hendingar som skaper akkurat denne historia. Men eit slikt val fører fleire ting med seg. Viktigast er at skodespelaren sjølv kjem tydelegare fram, og eg forsterkar såleis opplevinga av teater, av at dette er eit spel.

Det kan ha ein distanserande effekt, men slik eg tenkjer det, også gjere skodespelaren tydelegare for dei som er publikum og gi dei ei oppleving av å komme nærare innpå: Innlevinga i karakterane blir reinare – publikum får melding om at dette «berre» er spel, og at det er heilt greitt. Heilt sidan siste del av Mater Nexus, der karakterane skulle sjå rett på publikum og fortelje eigne livshistorier, har eg arbeidd mykje med å finne teknikkar der skodespelaren òg i dramatiske situasjonar kan vende seg til publikum, og samstundes agere i ei scene som krev samspel og rytme.

Ein oppmerksam lesar vil sjå at det fleire stader i Mødrevariasjonar står at karakterane skal snakke direkte til publikum. Dette er òg ein måte å skape dialog med publikum på, og vil nok vere med og forsterke opplevinga av at det er ein leik – ei moglegheit for publikum til å ta del i leiken og kan hende få assosiasjonar til eigne liv og erfaringar òg, utan at det blir for krevjande. Med Mødrevariasjonar fører eg vidare mange skrivemåtar og dramaturgiske grep eg har utvikla som dramatikar. Etter å ha skrive fleire scenetekstar med historisk perspektiv har det vore fint å vere attende i samtida. Men ei samtid med mykje klang frå gammalt. Livet endrar seg mykje mykje saktere enn vi som oftast skulle ynskje oss.

NYNORSK BESTILLINGSVERK

Mødrevariasjonar er skrive på oppdrag for Teater Vestland i Førde. Trass i at eg hadde tenkt at det kunstnarlege arbeidet mitt skulle vere «fritt» i dei siste leveåra mine, svara eg ja då eg vart spurd om å skrive Mødrevariasjonar. Det er fleire grunnar til det. Fyrst og fremst kjende eg teatersjef Cecilie Lundsholt frå tidlegare og hadde difor trua på at ho ikkje ville detaljstyre tekstutviklinga. Ho skriv sjølv, og veit nok at blir det for mykje ynskje om forandringar frå «bestillaren», mistar ein ofte skaparkrafta – eller motivasjon som ein kanskje heller seier no til dags. Teatersjefen ga meg tvert imot fritt spelerom så sant stykket handla om kvinner og moderskap.

Ho spurde òg om eg ville skrive på nynorsk eller omsetjast frå bokmå l. Klart eg ville skrive på nynorsk! Eg har alltid tenkt at ein dag skal eg dikte på nynorsk, men har diverre ikkje tatt tak i det på alvor. No tok eg gladeleg sjansen. Eg har skrive direkte på engelsk tidlegare, og det er jo heller ikkje hovudmålet mitt. Før Mødrevariasjonar skreiv eg Livias rom (Transit, 2021), og den teksten starta som engelskspråkleg. Sceneteksten Square (Transit, 2008) er òg skriven på engelsk og seinare utgjeven på norsk, i eiga omsetting.

Det skjer noko med meg når eg ikkje skriv på bokmål – som er tilnærma talemålet mitt. Kanskje ei anna personlegheit kikar fram gjennom skrifta? Ja, slik er det jo med alle karakterane ein skapar, men kan det òg vere slik med sjølve utgangspunktet – «moderteksten»? Blir eg som forfattar forandra når eg skriv på eit anna skriftspråk? Det trur eg. Her må eg berre takke for moglegheita – og for tilliten, trua på at eg kunne få det til. No blei teatret og eg samde om at den eminente omsettaren Tove Bakke skulle vere kvalitetssikrar, så eg har sjølvsagt ho òg å takke, både for gode samtalar om nynorsk og dei vala ein må ta når ein skriv, og for gode auge som har saumfare teksten min.

Lukkelegvis fann ho ikkje så mykje feil som eg var redd for, men ein del gonger fekk eg høyre at eg hadde skrive ord og uttrykk «på dølamål». Ikkje rart, for både mor mi og far min er gudbrandsdøler, far frå Skjåk har nynorsk som hovudmå i frå gammalt. Så sjølv om eg ikkje snakkar dialekta, ligg Skjåkmålet djupt i meg, og som mange andregenerasjons innflyttarar frå landsbygda er eg glad både i heimstadene og talemålet til slekta mi. Ja, kulturen frå både mor mi sitt Ringebu og frå bygda Bråtå der far min er fr , er delar av meg sjølv. Så skal det seiast at eg var mykje i dalen åleine som barn, og eg har òg hatt mykje av fritida mi «oppover» i Gudbrandsdalen som vaksen. At det eg her har skrive handlar om ei rekkje oppdikta familiehistorier passar difor så bra.

Det er med ærefrykt og stoltheit at eg no gjev Mødrevariasjonar til beste.

KUNSTNARLEG LAG

Dramatikar og regissør Lene Therese Teigen

Scenograf og kostymedesignar Christine Lohre

Komponist Tov Ramstad

Lysdesignar Krystian Myska

Språkkonsulent manus Tove Bakke

MEDVERKANDE

Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie

 
Heidi Hattestein