Kyrre ansikt til ansikt med seg sjølv

 
DSCF9394.jpg

Den italienske familiefaren går i oppløysing rett framfor auga på publikum. I rolla som Eddie Carbone får skodespelar Kyrre Eikås Ottersen sjansen til å sjå litt nærare på si eiga mannsrolle.

— I går låg det ein hjort på kjøkkenbordet, seier Kyrre Eikas Ottersen, kjent og kjær skodespelar ved Teater Vestland gjennom 25 år. 

Han har invitert oss heim til seg sjølv og familien på frukost ein mørk og overraskande kald oktobermorgon. Rimfrosten ligg som eit teppe over plenen og kulegrillen som vintersesongen har overraska, og i varmen innomhus er det dekt på med brød og pålegg. Rundt bordet sit Kyrre, kona Birgit Tansøy og tre av fire ungar; eldstemann er nett flytta på hybel på Sandane for å gå på vidaregåande. 

Bildet er tatt i ein stille augneblink under morgonstunda. Utanfor ligg morgondisen tjukk.

Bildet er tatt i ein stille augneblink under morgonstunda. Utanfor ligg morgondisen tjukk.

Å drive matauk 

Hjorten var ei gåve frå svigerfar. Kyrre jaktar ikkje, men han kan konstantere at eldstemann har tatt jegerprøven. Kyrre likar å sanke bær og sopp med famillien, og så fiskar han. Han dorgar ved grunnene utanfor feriehuset på Tansøy, med kopargøtt som syng i sjøen og lokkar lyren til seg. Og han fiskar med teine på hundre meters djup og halar for hand.

— Eg har lagt inn «teinehaler» som fast søk på Finn, men det må dukke opp ein som er veldig billig før eg slår til, seier han. 

Birgit og Kyrre stod og skar kjøt til klokka 1-2 om natta. Hjorten er blitt sosekjøt, grytekjøt og filetar. No er det fem timar seinare, og ein ny dag er runnen; ein av mange i Kyrres liv som startar med ein krutsterk kopp kaffi. Det blir sjeldan meir enn fem-seks timar søvn i snitt. 

— Vi måtte ta opp eit sukkerbrød frå frysaren for å få plass til alt kjøtet, seier han innimellom slurpelydane og peiker bort på kjøkkenbenken. 

Sukkerbrødet ser så kvardagsleg ut der det ligg, ei aning samantrykt på midten. Men det ligg no der som ei moglegheit for kake på ein heilt vanleg kvardag, og det er ikkje lite berre det.

Ungar og dyr i skjønn foreining. Til høgre i bildet står den omtalte kaffimaskina.

Ungar og dyr i skjønn foreining. Til høgre i bildet står den omtalte kaffimaskina.

Eddie pressar han

Kyrre blir ståande ankra ved kaffimaskina, forresten kjøpt brukt på Finn. Den fresar, så breier lukta av kaffi seg på nytt gjennom kjøkkenet. 

Det er like før premieren på «Frakt under havet», ein gedigen produksjon med sju skodespelarar og tre statistar på scena. Handlinga går føre seg hos ein italiensk immigrantfamilie i Brooklyn i New York på 1950-talet, og Kyrre speler familiefaren Eddie Carbone. 

— Eddie jobbar som bryggesjauar på hamna. Han er andre generasjons innvandrar frå Italia, ein hardtarbeidande familiemann. I den grad han har ei svakheit, så er det at han er altfor overbeskyttande overfor niesa Catherine, fortel Kyrre.

Eddie og kona Beatrice har oppdratt Catherine. No er ho i ferd med å bli vaksen. Ho syr seg stadig kortare skjørt og skaffar seg høghæla sko, og ho stormforelskar seg i ein illegal immigrant som familien har gått med på å huse. Eddie kan ikkje fordra det og endar med å forsøke å drepe mannen han i utgangspunktet skulle ta vare på. 

— Eddie pressar meg i forskjellige retningar. Eg merkar at eg kan bli ei aning patriarkalsk på heimebane, og at eg lett føler meg indignert eller pressa til yttergrensene. Eg prøver å sjå om det har botn i meg sjølv, seier han på ein måte som etterlét eit inntrykk av at det kanskje er ei lita nerve der. 

— Eddie er nok ein sensitiv fyr, og det i eit miljø der det ikkje er rom for det. Eg meiner at menn spesielt må komme og sjå stykket. Det går føre seg i ei anna tid, men det er masse å kjenne seg igjen i. Stykket rører ved nokre grunnleggande følelsar som menn legg lokk på i dag også, fordi dei ikkje er heilt aksepterte. Det med å beskytte familien for eksempel, eller den uroen ein kan føle når ein trur at dei næraste tar dårlege val. 

Kyrre kjende det nappa i sin indre Eddie då eldstemann fortalde at han ville flytte på hybel. 

— Men eg veit jo at det ikkje har noko for seg å nekte. Og det kjem heilt sikkert til å gå bra. 

Kyrre framfor huset han har bygd med eigne hender.

Kyrre framfor huset han har bygd med eigne hender.

Ut og fly med far 

Kyrre vaks opp på sørsida av Jølstravatnet, i eit husbankhus som blei bygd på 1970-talet. 

Vegen opp til Vassbakkane var bratt. Kyrre hugsar følelsen av å fly når han sat på med faren. På glatta måtte dei ta fart frå det gamle skulehuset og la det stå til, og då var det om å gjere at ingen kom køyrande nedover. Kyrre var fullstendig trygg på at faren hadde kontroll. 

Kyrre og familien bur i eit gammalt tømmerhus på Vassenden. Bakken opp til huset er bratt her også, og det er slett ikkje alltid dei kjem seg opp vinterstid.

Kyrre og familien bur i eit gammalt tømmerhus på Vassenden. Bakken opp til huset er bratt her også, og det er slett ikkje alltid dei kjem seg opp vinterstid.

— Pappa var faktisk flymekanikar i militæret. Han kom frå Austlandet, frå ein sjømannsfamilie i Tønsberg, og ein viss kulturkrasj var det jo. Han var ekstremt streng, men også lun og humoristisk. Etter kvart oppdaga vi mykje musikk i lag. Vi høyrde på Harald Are Lund, legendarisk DJ på radioen, og så kjøpte vi plater på postordre frå Utopia i Oslo; det var ikkje mogleg å få tak i Cocteau Twins i Førde.

— Var far din ein Eddie-type? 

— Tja. Ein del trekk har dei vel til felles. Han kunne bekymre seg, og han var ivrig på å lære vekk at ein må tenke konsekvensar før ein handlar. 

— Liknar du på far din? 

— Eg trur eg blir meir og meir lik han etter kvart som eg blir eldre.

Kyrre fer innom treningssenteret og les manus på tredemølla før han skal på teateret og spele gjennom “Frakt under havet”.

Kyrre fer innom treningssenteret og les manus på tredemølla før han skal på teateret og spele gjennom “Frakt under havet”.

Nesten einebarn 

I sju år var det berre han og foreldra. Så kom ei søster, og ei stund etter ein annan familie, og Kyrre fekk ein klassekamerat i nærleiken. 

— Der og då var eg ikkje bevisst at eg sakna meir selskap. Det blei vel til at eg aktiviserte meg sjølv. Eg var opptatt av musikk og fransk-belgiske teikneseriar. Eg hadde ikkje ein Skybert som fantasivenn, men kanskje ein Tintin, Sprint eller aller helst Viggo? 

— Korleis har det påverka deg, trur du?

— Eg vart sikkert sær på ein måte. Eller sær, kva er det for eit slags ord, spør han - og så er det som om han trekker seg inn i ein samtale med seg sjølv. 

På veg inn på teateret møter han kollega Idun Losnegård. Begge er i fullt firsprang.

På veg inn på teateret møter han kollega Idun Losnegård. Begge er i fullt firsprang.

Det er jobben hans å resitere nokre av dei mest kjende replikkane i verdsdramatikken, formuleringar som toler å bli ytra framfor aldri så mange menneske. Utan manus må han leite meir etter orda.

— Det kjem an på situasjonen og om eg føler meg trygg. Heilt sikker føler eg meg aldri. 

Kyrre i garderoben, like før han skal på.

Kyrre i garderoben, like før han skal på.

Flytta huset stokk for stokk

Kyrre og familien bur i eit gammalt tømmerhus på Vassenden. Bakken opp til huset er bratt her også, nett som i barndommens Vassbakkane, og Kyrre har avansert til førstepilot. No er det han som flyr familien heim. 

Huset fekk dei. Det stod på ein gard i slekta og var til nedfalls. Det var hol i taket, og sauene trakka inn i gangen, men tømmeret var i god stand. Dei gjekk i gang med å ta ned og merke tømmerstokkane like før årtusenskiftet. Så flytta dei heile sulamitten til hi sida av Jølstravatnet, og sette det opp att på betongsokkel med ny underetasje. Huset var innflyttingsklart i 2004. 

Bakvegen inn på scena.

Bakvegen inn på scena.

Det er høgt under taket, og den lune fargen av ubehandla treverk går att gjennom heile interiøret. Mellom etasjane er det ei vindeltrapp i metall. Kyrre kjøpte den brukt på Finn og henta den på eit industrilagar på Askøy. Han er ofte innom den digitale bruktmarknaden. 

— Det er ei blanding av å vere økonomisk og å tenke gjenbruk. Økonomien speler nok mest inn, men eg prøver å ikkje vere kjip altså, ungane får nye sko. Elles er det jo litt spenning i å vente på at det skal dukke opp ei gammal limpotte til beinlim, så eg kan får reparert knirkete kjøkkenstolar.

Bruke opp, bruke opp att 

I 2012 valde Kyrre vekk sagmuggen i manesjen til fordel for sagmuggen på byggeplassen. Han tok permisjon frå teateret i eitt år for å jobbe som snikkar. Eksamen i tømrarteori hadde han frå den tida han og Birgit budde ved Mjøsa; eit ekstra bein og stå på hadde han tenkt. 

— Eg trengde å gjere noko praktisk, og erfaringa tar eg med meg inn att i det eg driv med på scena.  

Hektisk stemning like før teppet går opp.

Hektisk stemning like før teppet går opp.

Han snakkar seg varm no. Om moderne byggestandard og gamle hus som står attgløymde. 

— Dagens byggestandard er å legge ned uhorveleg masse jobb i å gjere husværa pottetette. Vi sit att med hus som pustar gjennom sugerør. Ein må ha filteret i orden, elles får ein dårleg inneklima. Vi skal liksom spare energi, men gløymer at vi mistar noko i andre enden, seier han og held fram: 

— Det står ein heil masse fine, gamle hus rundt omkring. Desse vert gjerne ståande til nedfalls, eller dei blir rivne og erstatta med noko nytt, men det er ikkje slik at alt som er nytt er best. Det er mykje godt materiale i gamle hus, materiale som kan brukast opp att. 

No leitar han ikkje lenger etter orda. 

Skodespelar i nabolaget

I rolla som Eddie sprenger Kyrre eit allereie imponerande register som skodespelar.

— Det er så mange nyansar i Eddie-karakteren: såra dyr, forelska mann, overbeskyttande omsorgsperson. Han ser på seg sjølv som ein sterk mann. Han driv med boksing, og han er sjefen i familien. Så blir han utfordra av ein maskulinitet frå den nye tida, Rodolpho, som vil høyre LP-plater og gå på Broadway og sjarmerer Catherine med sin livlege natur, seier han. 

Kyrre kler på seg Eddie.

Kyrre kler på seg Eddie.

Eddie er ei sterk rolle i verdsdramatikken og eit opplagt høgdepunkt i karrieren. Men det er ikkje Eddie som set størst spor. Det er heller ingen andre av dei rundt sytti ensemblerollene han har hatt ved det nynorske turneteateret i løpet av eit kvart hundreår. Nei, det er heile produksjonsperioden og fellesskapen i ensemblet.  

— Tryggleik og overskot til å våge å prøve ut ting på scena er det eg ønsker for kvar einaste produksjon. Det har vi oppnådd med ensemblet i «Frakt under havet», seier han og held fram: 

— Å vere trygg på teksten er ein måte å få det overskotet på. I arbeidet med «Frakt under havet» var det viktig for meg å få inn teksten så raskt som mogleg. Det blei mange kveldsturar der eg pugga og snakka med meg sjølv og repeterte og veiva med armane; det blir det ofte når eg øver inn tekst. Det ser sikkert snurrig ut for forbipasserande, seier han.

***

Fakta: 

  • Kyrre har vore skodespelar ved teateret i 25 år. Han kom direkte frå skodespelarutdanning ved Bergen Teaterskole. 

  • I løpet av denne tida har han fylt om lag 70 forskjellige ensembleroller, i tillegg til mindre framsyningar, og han har turnert fylket att og fram så mange gonger at det minst tilsvarer eit par gonger rundt jordkloden.

  • Han har dessutan hatt roller ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og tidlegare Hedmark Teater, i dag Teater Innlandet. 


Kyrre listar opp fire høgdarar:  

  • «Filantropicana» (2002), skrive av Ole Johan Grønskag og regissert av Marcelino Valiente: — Det var ein utfordrande tekst å jobbe med. Den fortel ikkje ei historie frå a til å, men formidlar meir ei stemning. Den er både poetisk, praktisk og galgenhumoristisk, med eit alvorleg tema i botn. Vi hadde slik ein fin prøveperiode med den teksten og instruktøren som utfordra oss. Eg vil seie at det opna meg opp som skodespelar.

  • «Mensen Ernst, løpekongen frå Sogn» (2013), skrive og regissert av Otto Homlung. — Teatersjef Terje Lyngstad gav meg sjansen til å spele løparkongen etter at eg hadde hatt eitt års permisjon. Store delar av framsyninga bestod av løping på tredemølle, og etter kvart som handlinga skreid fram vart det reine intervalltreninga. Eg kom i kjempeform. Tidlegare langdistranseløpar Bjarne Huseklepp såg stykket og sa eg hadde eit godt løpssteg, og sidan har eg pørvd å halde formen ved like med springing, så det var ei framsyning som sette spor. 

  • Samarbeidet med skodespelarkollega Idun Losnegård. Sidan «Meir» i 2004 har dei møttest på scena jamt og trutt, dei siste åra som dei to einaste fast tilsette skodespelarane ved Teater Vestland: — Skal eg nemne éin produksjonsperiode med Idun spesielt, må det være «Herr Kurz og damene» (2015), skrive av Rolf Losnegård, regissert av Jeff Pedersen og produsert av Aldateateret. Vi var ei lita frigruppe på sida av teateret, og det var ein fin periode.

  • Dei to produksjonane med Miriam Prestøy Lie som regissør, basert på tekstane til Brynjulf Jung Tjønn: «Så vakker du er» frå 2016 og «Alt det lyse og alt det mørke» frå 2019.  — Eg tenker med varme tilbake på begge produksjonane. Dei tok opp menneske i startfasen av livet og som må takle alvorleg sjukdom og omsorgssvikt. 

Det handlar om å skape.

Det handlar om å skape.

 
Heidi Hattestein