Vi puttar regissøren oppi godstolen for ein prat

 
DSCF8843-2.jpg

For fjerde gong set Bentein Baardson opp klassikaren «Frakt under havet» som går for seg blant italienske immigrantar i Brooklyn i New York på 1950-talet. Sjølv reiste han det same tiåret motsett veg.

— Eg har vore gripen av dette stykket heilt sidan eg blei kjent med det mot slutten av 1960-talet, seier Bentein Baardson, nestor innanfor norsk teater.

Som skodespelar og regissør har han hatt jobbar ved dei fleste teatera i landet, og han har vore teatersjef ved tre av dei. I 2008 slo Kongen han til kommandør av St. Olavs Orden med stjerne for innsatsen i norsk kulturliv.

Det var ikkje gitt at det skulle gå slik.

— Eg vaks opp i eit pietistisk, religiøst miljø. Eg ville ikkje bli i det. Eg nekta å stå konfirmant, og då eg nokre år seinare kom inn på teaterhøgskulen, reagerte farmora mi - eit praktfullt, nydeleg menneske som budde i Arendal heile sitt liv, ei enke med fem born og eit pietistisk forhold til Herren - med å seie «huff, eg har aldri vore på teater, og ikkje tivoli heller». Ho meinte det ikkje så vondt, det var meir det at ho ikkje klarte å fri seg frå tenkinga om at viss ein ler og har det for gøy, så kan ein komme til å gløyme Gud og Jesus, fortel Bentein Baardson.

Fleire i familiens omgangskrets sa seg villige til å be for den unge mannen som ville vie livet sitt til teateret.

— Det knuste meg ikkje på nokon måte, det var meir interessant. Og etter kvart har verkelegheita forandra seg. Eg trur ikkje det er mange som i dag vil seie at teateret er «synd», seier regissøren som for historias skuld blei uteksaminert frå Teaterhøgskolen i 1975.

Heime hos «hvermannsen»

Bentein Baardson er på Teater Vestland for å sette opp «Frakt under havet», årets klassikar på teaterscena, ein storstilt produksjon med sju skodespelarar og tre statistar. Stykket er basert på ei sann historie og vart skrive av Arthur Miller på 1950-talet.

— Nett som Ibsen set han forteljinga inn i ramma av ein enkelt familie, hos «hvermannsen», seier regissøren.

Handlinga går føre seg hos ein italiensk immigrantfamilie i Brooklyn i New York på 1950-talet. Eddie Carbone er ein overbeskyttande onkel, noko som kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar risikoen med å huse dei. Eddie nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Når Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre, kolliderer ulike kulturar, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.

— Vi kjenner oss igjen i personane på scena, seier regissøren og held fram:

— Miller var utdanna journalist, og som ein dyktig journalist viser han konflikten frå forskjellige vinklar. Han fordømmer ingen. Publikum kan ha forståing for både Eddie og niesa Catherine og må svare på ein del spørsmål sjølv.

Ei uløyseleg konflikt

Det er fjerde gong Baardson set opp «Frakt under havet». Visuelt har det vore forskjellig frå gong til gong, men handlinga og tematikken er urokkeleg.

— Eg er sjølv født i Brooklyn i det norske innvandrarmiljøet der. Eg kom til Norge som barn saman med familien, og eg opplevde vel at det ikkje berre var språket som var forskjellig, men tenkinga også.

— Store delar av familien min utvandra. På knapt hundre år emigrerte nærare 800.000 nordmenn til Amerika på leit etter ei betre framtid. Vi har eit romantisk bilde av dei med helteglorie på, ganske så motsett det bildet vi har av dagens flyktningstraumar. Ifølge Amnesty er det nærare 70 millionar menneske på flukt på verdsbasis. Kor mange kvotar skal vi ta? Og korleis forstår vi dei som i desperasjon tyr til ulovlegheiter?

Bentein kallar det ei nesten uløyseleg konflikt som vi likevel må forhalde oss til. Og teateret er éin måte å nærme seg temaet.

— To forskjellige verdisystem klinsjar saman og fragmenterer, når dei to slektningane kjem frå gamlelandet og flyttar inn hos familien, seier regissøren.

— Og stykket har berre blitt meir aktuelt med tida. Dessverre.

Når ein må gje slepp

— Han skaper eit trygt scenrom for heile ensemblet og ein enorm konsentrasjon. Han kan stoffet uhyre godt, samstundes som han evnar å gi kvar enkelt av oss følelsen av at vi har noko å bidra med, seier skodespelar Kyrre Eikås Ottersen om regissøren.

Det er andre gong dei jobbar saman, sist var i Privattimen.

— Bentein skaper eit trygt scenerom, seier skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Her er dei i tilfeldig passiar bak scena.

— Bentein skaper eit trygt scenerom, seier skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Her er dei i tilfeldig passiar bak scena.

Atmosfæren av tryggleik som Bentein skaper, den er gull verdt for Kyrre. I rolla som Eddie utvidar han eit allereie formidabelt register som skodespelar.

— Eg har stor glede av å jobbe med alle skodespelarane ved teateret, seier regissøren.

— Det er ikkje mange teater som kan skryte av å ha eigne ressursar til å fylle roller som er blant dei største og mest utfordrande i verdsdramatikken.

Premieren er like rundt hjørnet

— Vi er inne i den siste fasen der eg som regissør må trekke meg unna og la skodespelarane overta. Eg må sleppe dei, ja, seier han og ser grunnande ut i lufta, vel vitande om metaplanet og at den personlege kampen hans ikkje er så heilt ulik Eddies.

Begge må stole på at avkommet står støtt, også i høge hælar.

Heldigvis er det lettare for Bentein enn for Eddie.

Bentein Baardson og teatersjef Bodil Kvamme har lang historie. Bodil har vore dramaturg for regissøren ved fleire høve, både på teater og opera. Dei har jobba saman om store produksjonar som Hellemyrsfolket, ei 8,5 timar lang framsyning på Den Natio…

Bentein Baardson og teatersjef Bodil Kvamme har lang historie. Bodil har vore dramaturg for regissøren ved fleire høve, både på teater og opera. Dei har jobba saman om store produksjonar som Hellemyrsfolket, ei 8,5 timar lang framsyning på Den Nationale Scene, Peer Gynt i Egypt og Lillehammer-OL. For å nemne noko.