Dei tar Brooklyn til Vestlandet

 

På teateret er ein heil gjeng i gang med å måle, snekre, sy og sveise seg sytti år tilbake i tid. Dei skal ende opp i Brooklyn i New York på 1950-talet, blant ulovlege innvandrarar i USA.

Teater Vestland, Frakt under havet, fra Brooklyn til Vestland med Siri Langdalen og Lise Hagen.

— Er det verkeleg den same gråfargen, spør dei seg sjølve, på lag som ut i lufta.

Tre personar er samla i teatersalen i Førdehuset, der arbeidet med scenografien til årets klassikar - Frakt under havet - er godt i gang: Scenograf og kostymedesignar Siri Langdalen, rekvisitør ved Teater Vestland Synnøve Ringdal og dekormålar ved Nationaltheatret Lise Hagen.

Dei er på jakt etter den perfekte gråfargen til ei forhøging på scena. Boksen skal gå i eitt med resten av golvet, men lyset fell ulikt på horisontale og vertikale flater, og det får den same gråfargen til å sjå ut som to ulike nyansar.

Lise snakkar om dagens fargeforsking med fingrar som dansar framfor ansiktet, flekkete av måling. Det er underleg, i grunn, å tenke på kor mykje arbeid og ikkje minst tankar som kan ligge bak det å få ein detalj til å forsvinne.

Ein illusjon det går an å tru på

Arbeidsområda til ein scenograf omfattar alt frå spelerom til kostyme og sminke. Eit heilt team av fagfolk jobbar saman for å skape ei verd - ein illusjon som publikum kan gå med på - innanfor dei rammene som er sett for produksjonen.

Rundt omkring på verkstadene til teateret blir det jobba for fullt. Det er taktfaste dunk frå hamrar og eit jamt surr av symaskiner. Det blir måla, snekra, sveisa, sydd og ikkje minst patinert, altså tilført elde og slitasje med kunstige teknikkar. Det er mykje å ta omsyn til når ein skal lage scenografi til eit turneteater som Teater Vestland.

Teater Vestland, Frakt under havet, Rekvisitør Synnøve Ringstad på målarsalen.

Teater Vestland, Frakt under havet, Rekvisitør Synnøve Ringstad på målarsalen.

— Det er grenser for kor mange kubikk ein kan frakte frå spelestad til spelestad. Scenografien må vere turnevennleg, og så må den fungere like godt på små som på store scener, seier Siri Langdalen med ansvar for scenografi og kostymedesign.

Mest sannsynleg har du sett arbeidet hennar før. Ho står bak store NRK-seriar som Berlinerpoplene og Snøfall, og ho har vore engasjert ved dei fleste institusjonsteatera i landet, no også Teater Vestland for første gong.

Gi fantasien ein dytt

I teatersalen i Førdehuset har kulissene allereie reist seg, Dei tar form av eit slags «stilas» over tre høgder og er eit smalt tverrsnitt av ein leigegard i Brooklyn på 1950-talet, med ikoniske branntrapper og Brooklyn Bridge i det fjerne.

Teater Vestland, Frakt under havet, dekormålar Lise Hagen i arbeid med scenografien.

Teater Vestland, Frakt under havet, dekormålar Lise Hagen i arbeid med scenografien.

Veggane er forma som søyler. Det gir fantasien ein dytt og får publikum med på illusjonen om at karakterane flyttar på seg. I éi scene er dei samla heime på kjøkkenet til familien Corbone, i den neste står familiefar Eddie og stirer utover dei legendariske dokkene i hamna i Brooklyn.

Leigegarden veks opp av golvet i teatersalen. Det er ikkje eitt konkret husvære vi ser, og heller ikkje éin bestemt etasje, men syntesa av alle leigegardane i Brooklyn på denne tida; håpets land for europeiske immigrantar, blant dei som kom lovleg, og blant dei som kom illegalt som ‘frakt under havet’. På 1950-talet var den frie immigrasjonen til Amerika stogga, men nauden i Italia og andre europeiske land dreiv mange til å reise over havet likevel, for å bli smugla inn.

Djevelen ligg i detaljane

Rundt eit hjørne og opp éi trapp ligg den mjuke verda av stoff, fargar og mønster på systova. I porten til perlene står kostymeansvarleg Anne Wingård og kostymekoordinator Rebecca Dahle og helser Siri velkommen.

Dei skal velje sko før kostymeprøve neste dag. Eit par høghæla sko har ei spesiell meining i dette dramaet frå innvandrarmiljøet i New York, og dei må sitte som eit skot.

Teater Vestland, Frakt under havet, på systova
Teater Vestland, Frakt under havet, klar for kostymeprøve

Kostymene til Frakt under havet har noko tidlaust over seg, men likevel eit hint av 1950-talet. Alle kostymene er handlaga av Anna. Ho har sydd kåper, drakter, kjolar og til og med ein brudekjole. 

— Berre eitt plagg er så langt kjøpt, ein mintgrøn cardigan, funnen på Amazon, seier Anna og skryter av samarbeidet med Siri:

— Ho lyttar og er interessert i innspela mine, samstundes som ho er dønn trygg på kva ho vil, seier Anna.

Teater Vestland, Frakt under havet, Scenograf og kostymedesigner Siri Langdalen og kostymeansvarlegAnna Wingård

Teater Vestland, Frakt under havet, Scenograf og kostymedesigner Siri Langdalen og kostymeansvarlegAnna Wingård

Digitale arbeidsrom

Ofte går arbeidet ut på å måle på år og slitasje. «Teatermålar» blei scenografane kalla før, då teaterkulissene for det meste bestod av målte tepper. I dag er ein teater- eller dekormålar ein fagperson som kan eit utal teknikkar for å imitere materiale og framstille dei som noko anna enn det dei er, marmor eller rusta metall for eksempel, ikkje minst for å spare vekt.

— I jobben min er eg avhengig av å samarbeide med dyktige fagfolk rundt omkring på verkstadene, og gode målarar er alfa og omega, seier Siri.

Ho vil framheve samarbeidet med fagavdelingane på teateret. Ho er imponert over Annas fagkunnskap og store arbeidskapasitet og av Synnøves kvalifikasjonar innan dekorarbeid. Synnøve har ansvaret for rekvisittane og er dessutan med på å måle og patinere scenografien. Elles har smie og snikkerverkstad lagt ned eit imponerende arbeid med dei store scenografiske elementa. 

Gjengen på Teater Vestland har vist evne til å strekke seg langt, ikkje minst i ei tid der pandemien har kasta om på arbeidsforholda og tvinga dei fleste av oss til å improvisere i det verkelege liv.

Siri fortel om stoffprøvar som har blitt sendt i posten og om skissemøte, modellmøte og kostymemøte som har gått føre seg via videoprat.

— Eg har vore med på digitale Zoom-møte som eit auge utanifrå. Gjennom kameraet har eg kome uvanleg tett på detaljane på snikkarverkstad, smie og kostymeprøver med skodespelarane. No gler eg meg til det magiske møtet mellom sal og scene som forhåpentlegvis blir «live».

Teater Vestland, Frakt under havet, frå venstre: Scenograf og kostymedesignar Siri Landalen, dekormålar Lise Hagen og rekvisitør Synnøve Ringstad.

Teater Vestland, Frakt under havet, frå venstre: Scenograf og kostymedesignar Siri Landalen, dekormålar Lise Hagen og rekvisitør Synnøve Ringstad.

 
Lene GrandeTeater Vestland